I Time er det 19 106 innbyggarar, og eit areal på 182 km². Av arealet er 13 km² ferskvatn og 68 km² jordbruksareal. Time kommune vart oppretta i 1837, og var heimstaden til diktaren Arne Garborg.
Regionbyen Bryne er senter i kommunen. Andre tettstader er Lye, Hognestad, Kvernaland og Undheim.
Det er eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Med plassering midt i matfatet på Jæren er kommunen også ein viktig jordbrukskommune.
I Time er det korte avstandar mellom by og land, og frå stasjonen på Bryne er det kollektivtransport til Stavanger, Sandnes og Eigersund og flybuss til Stavanger lufthavn Sola.
Frøylandsvatnet
Tore Holter