Viltforvalting

Det er opna for jakt på elg, hjort og rådyr i Time kommune. 

Minsteareal for felling av hjortedyr er 500 daa for rådyr, 3000 daa for hjort og 12 000 daa for elg. Området skal vera samanhengande og eigna for jakt.

Søknadsfrist for godkjenning av nytt vald og endring av vald er 1. mai.

Det er utarbeidd eit skjema for godkjenning og forandring av vald (PDF, 250 kB). På skjemaet står nødvendig informasjon om vald og utfylling av skjema.

Legg ved eit kart som viser innteikna yttergrenser for valdet, saman med søknaden, og eventuelle eigedommar som ikkje er med i valdet må merkast godt. Søknad med vedlegg skal sendast Time kommune.

Meir informasjon ligg på miljødirektoratet under "jakt og fangst". Her ligg og skjema om sett hjort.

Alle jaktvalda i Time kommune er nå vist på kart i kommunen sin kartportal.  Velg «Landbruk», og kryss av «rådyrvald» eller «hjortevald»

Grågås

Lokal utvikling godkjende den 27.08.2020 ein ny kommunal forvaltingsplan for grågås. Statsforvalteren har godkjent planen. Planen ble revidert i 2023.

Detaljar finn du i dokumenta under. 

Forvaltningsplan for grågås i Time kommune (PDF, 4 MB)

Kartvedlegg til forvaltningsplanen (PDF, 972 kB)

Fastsetting av lokal forskrift for jakt av grågås i Time kommune 2022-2028 (PDF, 277 kB)

Kontaktinfo

Lysann Reinstein
Fagkonsulent landbru
E-post
Telefon 51 77 61 26
Mobil 94 85 08 83
Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00