Fritz Røed skulpturpark

Fritz Røed skulpturpark ligg langs Bryneåna ("Kongo") i sentrum av Bryne og vart opna 1. oktober 2004.

Parken inneheld ti skulpturar med stor spennvidde i stil og storleik, alle laga av kunstnaren Fritz Røed. Her er humor, alvor, leik og ettertanke. Livsglede i det enkle og det kraftfulle, og stort rom for meiningar og tolkingar.

Skulpturane lever saman med parken, med lyset, vêret og årstidene, og er ein unik attraksjon kvar einaste dag.

Etter nyopninga av parken i juni 2018 innheld parken nå også leikeapparat for barn, fontenar, fleire benkar, bord og sitjeplassar. Parken er universelt utforma.

Kontaktinfo

Trond Lie
Kultursjef
E-post
Telefon 51 77 61 87
Mobil 970 82 788

Kart