Turstiar i Time

Turstiane i desse karta er turstiar som har fått tilskot gjennom Regionalt miljøprogram. Mange av stiane er del av større kjende turstinett, men du finn heilt sikkert turar her som du ikkje har gått før.

Turstiane er opne for alle. Det er ikkje alle stiane som er merka. Hugs at her og der kan det vera husdyr på beite. Derfor legg me til tre små, men viktige påminningar for at alle skal ha glede av turtilbodet:

  • Respekter bandtvangen
  • Lukk eventuelle grindar
  • Ta avfallet med heim

Turstiar sør (PDF, 2 MB)   Turstiar nord (PDF, 3 MB)