Idrettsrådet er eit felles og demokratisk valt organ for alle idrettslaga i kommunen. Rådet er eit bindeledd mellom idretten og kommunen.
Idrettsrådet deler informasjon om arbeidet sitt på Time idrettsråd si side på Facebook.
Om Time idrettsråd
- Idrettsrådet skal
- arbeide for at idretten kan spele ei viktigare rolle og få betre rammevilkår i lokalsamfunnet
- gjere prioriteringar på vegner av idrettslaga
- dokumentere og synleggjere omfanget av idretten i lokalsamfunnet og utvikle lokale idrettspolitiske handlingsprogram
- vere ein møteplass og utviklingsarena i skjeringspunktet mellom offentleg og frivillig virke
- Idrettsrådet skal vere eit idrettspolitisk organisasjonsledd med oppgåver primært på lokalt nivå
- Alle saker som er av felles interesse for idretten, skal sendast til kommunen gjennom idrettsrådet
Kontaktinformasjon
E-post til: timeidrettsrad@gmail.com
Sist endra 15.04.2024 12.51