Fiske i elv

Håelva er eit lakseførande vassdrag som renn gjennom Time og Hå kommune.

Fiskesesong

Fiskesesongen i Håelva er 15. juni til 20. september. I lakseførande vassdrag (JPG, 247 kB) er det berre lov å fiska i fiskesesongen,

Fiskekort

Både barn og vaksne må kjøpa fiskekort for å fiska i Håelva. Fiskekort får du kjøpt av grunneigarane langs elva og frå Jæren jakt- og fiskelag.

Kjøp fiskekort for Håelva

Fiskaravgift

Skal du fiska i vassdrag med laks, sjøaure og sjørøye må du betala fiskaravgift. Barn og ungdom under 18 år skal ikkje betala fiskaravgift.

 

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00