Tilrettelagte fritidstilbod i nabokommunar

Fleire av nabokommunane våre driv tilrettelagte fritidstilbod som folk som bur i Time er velkomne til å nytta seg av. 

Tilrettelagte fritidstilbod i andre kommunar

DNT: Friluftsliv tilrettelagt for personar med nedsett funksjonsevne

DNT Tilrettelagt er Den norske turistforening sine tilbod for personar med nedsett funksjonsevne. Stavanger turistforening arrangerer ulike typar turar og aktivitetar og arbeidar for at fleire av deira stora arrangement skal vera tilgjengelege for flest mogleg.

DNT Tilrettelagt har to typar aktivitetstilbod. Sjekk nettsidene deira for meir informasjon om dei ulike tilboda:

Hå: Kjelkehockey

Møt tidleg for klargjering. Utstyr kan lånast/leigast. Passar også for rullestol.

Tid: Sundag kl. 18.00
Stad: Ishallen i Nye Loen, Nærbø
Kontakt: Nærbø IL, post@narboil.no, tel. 51791150

Hå: Kulturkafe

Kafé for vaksne med kulturinnslag og matsal.

Tid: Kvar torsdag og ein måndag i månaden kl. 18.30 – 20.30
Stad: Hå kulturtorg, Nærbø
Kontakt: Per Henry Runde, Hå kommune, phr@ha.kommune.no / tel. 51793530

Klepp: Folkedans

Tid: Torsdag kl.18.00 – 19.30
Stad: Fredheimloftet, Klepp
Kontakt: Else Håvik, Klepp kommune, else.havik@klepp.kommune.no, tel. 51429867

Klepp: Handball

HU-laget på Klepp er godt etablert og har fokus på idrettsglede og sosialt samvær. 

Tid: Fredag kl. 16.30 – 17.30
Stad: Klepphallen
Les meir om tilbodet på nettsida til Klepp IL.
Kontakt: Astri Voll, Klepp IL, mob. 91554746, astri.voll@gmail.com

Sandnes: Kafe Biå

Sosiale kafekveldar for menneske med utviklingshemming over 18 år. Les meir om tilbodet på nettsida til Sandnes kommune.

Tid: Måndagar i partalsveker kl. 18 – 20. Oppstart 3. september.
Stad: Ganddal bydelshus
Kontakt: Teaterverkstedet Gandal mob. 99328321

Sandnes: Mandagsklubben

Bingo, dans, spel og open kafé. Frå 14 år. Les meir om tilbodet på nettsida til Sandnes kommune.

Tid: Måndagar i oddetalsveker kl. 18 – 20
Stad: Langgata 54, Sandnes
Kontakt: Inger Nevland, Sandnes kommune, tlf 51 33 75 54/ 975 14 227

Sandnes: Røde Kors-klubben

Tilbod til vaksne over 16 år. Les meir om tilbodet på nettsida til Sandnes kommune.

Tid: Onsdagar i oddetalsveker kl. 18.30 – 20.30
Stad: Roald Amundsensgt. 20, Sandnes
Kontakt: Marianne Seim Haaland, 40853927

Sandnes: Fotball

HC-lag som trenar ein gong i veka. Treningane vert avslutta med kaffi og drøs i klubbhuset.

Tid: Tysdag 18.30 – 20.00
Stad: Hana, Øygard kunstgrasbane
Les meir om tilbodet på nettsida til Hana IL.
Kontakt: Hana IL, Tone Stene Fredsvik, mob. 93634489, tone.fredsvik@lyse.net

Kontaktinfo

Ingve Lende
Rådgiver
E-post
Telefon 51 77 61 65
Mobil 412 20 526
Stian Langeland
Fritidssjef
E-post
Telefon 51 77 61 64
Mobil 908 23 450