Møllekjellaren på Bryne

Møllekjellaren fritidsklubb er ungdommen sitt eige hus på Bryne og ligg i gamle Bryne Mølle.

I Møllekjellaren er det kafè med matservering, aktivitetsrom, gaming-soner, bordtennis, biljard, øvelokale og lydstudio. Det vert arrangert konsertar, utflukter, diskotek, spelturneringar, workshops, kurs og diverse foredrag for og med ungdom.

Tilbodet gjeld for ungdom frå 8. trinn til og med vidaregåande. I tillegg er det eige tilbod (Juniorklubb) for unge frå 5. trinn til og med 7. trinn.

Bryne mølle ligg like ved den vestre innkøyringa til Bryne sentrum frå fylkesveg 44, ved Mølledammen. For køyrande via parkeringsplassen på M44.

Følg Møllekjellaren på Facebook for å sjå kva som skjer i Møllekjellaren framover.

I Møllekjellaren er det fem faste tilsette fordelt på 2,8 årsverk. Det er i tillegg to lærlingar i barne- og ungdomsarbeidarfaget som er innom 2-3 kveldar i veka. Møllekjellaren tek også inn personar i språkpraksis og praksisstudentar frå universitetet. 

Møllekjellaren er ein rusfri møteplass.

Opningstider

Tysdagar  kl. 17.00 - 20.00:  Junior 5. - 7. trinn
Onsdagar kl. 17.00 - 22.00:  8. trinn - 19 år
Torsdagar kl. 17.00 - 22.00:  8. trinn - 19 år
Fredagar  kl.18.00 - 23.00:   8. trinn - 19 år

Det er gratis inngang i Møllekjellaren. Til nokre arrangement vil det vera inngangspengar/eigenandel.

Kart