Programmet for 2020 er under utarbeiding og vert publisert på livsgledefestivalen.no. Følg gjerne vår side på Facebook.
Vil vera til glede for alle
Livsgledefestivalen skal romma arrangement for alle aldersgrupper, og me inviterer alle som har eit arrangement å bidra med til denne festivalen. Målet med Livsgledefestivalen er å forsterka fokus på livsglede generelt, og byggja vidare på tanken som ligger til grunn for Fritz Røed skulpturpark, nemleg å vera til glede.
Varierte uttrykk
Livsgledefestivalen formidlar mange uttrykk gjennom alle dei arrangementa som tidlegare har vore under festivalen – kunst, mat, samhald, natur. Og me feirar livsgleda både ute og inne, for eldre og unge.
Fleire arrangørar
Livsgledefestivalen starta i samband med opninga av Fritz Røed skulpturpark i 2004. Kommunen har sidan då organisert livsgledefeiringa saman med aktørar frå heile lokalsamfunnet.