Klima- og miljøplan 2023-2033

Klima- og miljøplan 2023-2033 og tilhøyrande handlingsdel tar for seg korleis Time kommune skal jobba dei neste ti åra med reduksjon av klimagassutslepp, energi, klimatilpassing og naturmangfald.

Under følger eit kort samandrag av planen. Heile planen som PDF kan du sjå her: 

Klima- og miljøplan 2023-2033 (PDF, 9 MB)

Handlingsplan 2023-2026  (PDF, 588 kB)

 

Klimagassutslepp i Time kommune:

  • I 2021 var det totale klimagassutsleppet i Time kommune 91 581 tonn CO2-ekvivalentar. Dei største utsleppa er:
    • Biologiske utslepp frå jordbruk (64 %).
    • Vegtrafikk (15 %).
    • Avgiftsfri diesel (15 %).
  • Time kommune skal ha fokus på både klimagassutsleppa og på konkrete tiltak for å kutta klimagassar.
  • Time kommune set mål om ei 55 % reduksjon av klimagassar utan biologiske utslepp frå jordbruk i 2030 samanlikna med referanseåret 2015.
Klimagassutslepp Time kommune frå 2009 - 2021. Kjelde: Miljødirektoratet.​​​​​

 

Hovudtema med tilhøyrande mål og tiltak: 

Transport

Kort fortalt:

  • 15 % av klimagassutsleppa i Time kommune kjem frå vegtrafikk.
  • I 2020 var andel elbilar 11 %.
  • Bryne er eit regionalt knutepunkt.
  • Det i dag 5 ladestasjonar og 32 ladepunkt for bysyklar.
  • Ny teknologi gir nye moglegheiter for mobilitet.  
  • God kommunal planlegging reduserer transportbehovet.

Hovudmål i klima- og miljøplan:

  • Ein 50 % auke i sykkelbruk frå 2023 til 2030 i målepunkt i Bryne sentrum og langs viktige ferdselsårer.
  • Ein 50 % auke i tog og bussbruk frå 2023 til 2030.
  • 100 ladepunkt for bysyklar før 2030.
  • All taxiteneste og varetransport med personbil og lett varebil bestilt av kommune er nullutslepp frå 2024.

Tiltak i handlingsplan:

  • Greia ut moglegheiter for bildelingsordingar, inkludert vurdera utleige av kommunale bilar.
  • Sikra ein god ladeinfrastruktur, spesielt til varefrakt- og taxinæringa.
  • Laga ein sykkelstrategi med prioritering og plan for oppgradering av gang og sykkelvegar, sykkelparkering og skilting. Medverknad frå innbyggarar og tilsette i kommunen.
  • Arrangera årleg sykkeldag med sykkeldemo, gratis sykkelservice, underhaldning med meir.
  • Setta opp sykkeltellar for å registrera sykkelbruken. 
  • Setta opp nye ladestasjonar for bysykkelen, samt skaffa fleire bysyklar, i samråd med lokalt næringsliv, burettslag og lokalsamfunn elles.
  • Vidareutvikla Bryne stasjon som eit heilskapleg mobilitetspunkt i samråd med andre involverte partar.
  • I oppstartsmøte og planutarbeiding for reguleringsplanar skal sykkel og gåande prioriterast.
  • Dialog med Kolumbus og andre kommunar om nye kollektivtilbod.
Bygg og anlegg

Kort fortalt:

  • Indirekte klimagassutslepp frå bygg og anlegg i Norge er like høgt som utslepp frå den norske personbilparken
  • Bygg og anlegg bruker 40 % av alle materialressursar. Gjenbruk er derfor viktig.
  • Fossilfrie og utsleppsfrie anleggsmaskinar er viktige endringar.
  • Kommunen er ein stor innkjøpar av bygge- og anleggsprosjekt. 
  • Kommunen kan setta miljøkrav til bygge- og anleggsprosjekt ut over gjeldande krav.

Hovudmål:

  • Ha fleire kommunale renoveringsprosjekt og færre nybygg.
  • Eit auka fokus på klima og miljø i bygge- og anleggsprosjekt internt og eksternt.
  • Meir gjenbruk i bygg- og anleggsprosjekt.
  • Alle kommunale anlegg er utsleppsfrie innan 2035. 
  • Alle anlegg i Time kommune er utsleppsfrie innan 2040

Tiltak i handlingsplan:

  • Setta krav om CO2-rekneskap i bygge- og anleggsfasen i alle kommunale prosjekt.
  • Nye bygg over 5000 m2 BRA skal NOK BREEAM-sertifiserast med klassifiseringa minimum Very Good (eller tilsvarande miljøsertifisering). I mindre prosjekt skal dette vurderast.
  • Gjennomføra eit pilotprosjekt plussbygg.
  • Skal henta inn og vurdera EPDar (miljødeklarasjonar) på betong og asfalt i alle bygg- og anleggsprosjekt.
  • Internt og eksternt stilla krav om gjenbruk av konstruksjonar, materiale (minimum asfalt) og massar.
  • Vurdera rehabilitering i staden for nybygg i alle nye prosjekt.
  • Vurdera bruk av klimavennlege byggemateriale, for eksempel tre, i alle nye prosjekt.
  • Gjennomføra minst eit pilotprosjekt for fossilfri kommunal anleggsplass før 2025.
  • Gjennomføra minst eit pilotprosjekt for utsleppsfri kommunal anleggsplass før 2030.
  • Bruka 3D-prosjektering for å minska unødig graving.
  • Stilla krav til maksimal gjenbruk av massar mellom anna ved bruk av mobile sikteverk på større prosjekt. Bruka regional massehandteringsplan meir aktivt.
  • Arrangera eit møte med nabokommunar for erfaringsutveksling med bygg og anlegg.
  • Arrangera minst eit møte med entreprenørnæringa for avklaringar av nye krav. Jobba for at dette vert eit fast årleg møte. 
  • Ha eit heilskapleg møte/diskusjon rundt energibruk og energikjelder i oppstarten av byggeprosjekt. Vurdera solenergi på alle nye bygg.
Energi

Kort fortalt:

  • Time kommune forvaltar omtrent 89 000 m2 formålsbygg som til saman bruker omlag 10 000 MWh straum årleg.  
  • Heile Time kommune bruker omlag 234 000 MWh straum årleg.  
  • Time kommune har jobba målretta i fleire år med å redusera energiforbruket i kommunale bygg.  
  • All energibruk har ein konsekvens for klima, natur og ressursbruk. Det er derfor viktig at energibruken vert redusert.  

Hovudmål:

  • Redusera energiforbruket i eksisterande formålsbygg med 10 % innan 2030. 
  • For kommunale bygg: auke lokal straumproduksjon til 1 MW innan 2030 (er 0,1 MW i dag). 
  • Stimulera til ein lokal solproduksjon på 10 MW innan 2030.

Tiltak i handlingsplan:

  • Laga ein plan med prioriteringar og kostnadar for energieffektivisering i kommunale bygg fram mot 2030.
  • Utarbeida avgjerdsføresetnadar for etablering av solenergi som kartlegg moglegheiter og kostnadar for solenergi i kommunale bygg.
  • Undersøka moglegheita for lokalt biopellets/biobrensel. 
  • Stilla krav til energibruk i leigebygg.
  • Ta initiativ til interkommunalt samarbeid om energi med nabokommunar for deling av kunnskap og mogleg samarbeid om energiressursar. Minimum halde eit møte.
  • Arrangera eit årleg internt energimøte for å synleggjera energistatus i kommunen - både for formålsbygg og kommune som heilskap. 
  • Senka temperaturen i idrettshallar og gymsalar.
  •  Starta og vidareføra informasjonskampanje til innbyggarar og næringsliv om lokal produksjon av energi og energisparingstiltak. Minimum ein gong i året.
  • Det skal utarbeidast føresegner/retningslinjer for etablering av energianlegg i LNF-område ved rullering av kommuneplanen sin arealdel.
  • I mellomtida vil det verta utarbeidd ein rettleiar for korleis søknadar om anlegg vil verta handsama.
Landbruk og mat

Kort fortalt:

  • Time er ein av dei største landbrukskommunane i landet. 
  • 66 % av klimagassane i Time kommune kjem frå biologisk utslepp i landbruket. 
  • Landbrukets klimaplan 2021-2030 er næringa sin eigen plan for klimagasskutt.
  • SMIL- og RMP-ordningane er regionale støtteordningar som lønnar miljøinnsats i landbruksforetak. 
  • I Norge vert det kasta over 450 000 tonn mat årleg.

Hovudmål:

  • 20 gardsbruk i 2024, og 100 gardsbruk i 2028 som nyttar klimakalkulatoren. 
  • 80 % av dyrka jord vert spreia med miljøvennleg gjødselspreiing i 2030.
  • 100 reinseparkar som er funksjonelle og vedlikehaldne i 2030. 
  • Ingen synleg landbruksplastikk på avvege. 
  • Tal klima- og miljøsøknadar i SMIL- og RMP-ordningane skal auka med 50 %. 
  • Redusera matsvinn.

Tiltak i handlingsplan:

  • Halda eit årleg møte med Time bondelag og næringa om klima og miljø.
  • Informasjonsmøte om klimakalkulatoren med NLR, Tine og Time bondelag.
  • Bidra til etablering av eit biogassanlegg på Jæren gjennom deltaking i regionale samlingar og kurs. Samt dialog med Time bondelag.
  • Stimulera til auke av lokal energiproduksjon og energisparingsstiltak i landbruket gjennom informasjonstiltak.
  • Bistand til bekkeopning og restaurering av våtmark.
  • Arrangera ein aksjon saman med næringa for å kutta utslepp av landbruksplast.
  • Få oversikt over alle reinseparkar med vedlikehald. Laga ei prioritering av viktige reinseparkar.
Avfall og sirkulær økonomi

Kort fortalt:

  • Verdas naturressursar er under auka press. I ein sirkulær økonomi vert ressursar nytta meir effektivt ved gjenbruk, deling, reparasjon og materialgjenvinning.
  • Timebuen har minst restavfall per innbyggar i IVAR-kommunane, 68 kg mot snitt på 112 kg.

Hovudmål:

  • Redusera mengd hushaldsavfall og auka sorteringsgrad blant innbyggarane.
  • Auka sorteringsgrad for avfall frå kommunale bygg.
  • Styrka sirkulærøkonomien saman med innbyggarane, næringsliv og andre lokale aktørar.
  • Redusera utslepp frå avfallshandtering.

Tiltak i handlingsplan:

  • Haldningsarbeid:
    • Vurdera å arrangera ein dag med fokus på sirkulærøkonomi i kommunen.
    • Vurdera å etablera eit senter for gjenbruk, reparasjon og deling.
    • Ta initiativ til ei undersøking blant innbyggarar om forslag til tiltak for sirkulær økonomi, for eksempel minibibliotek.
  • Undersøka moglegheita for å etablera biokolløysing for hageavfall. Laga eit skriftleg notat på vurderinga.
  • Informasjonsarbeid om avfallshandtering. Minst 8 postar på sosiale media. Inkludera heimekompostering, for eksempel kjeldesortering, EE-avfall.
  • Undersøka potensiale for å nytta biogassen frå nedlagt avfallsdeponi på Ree.
  • Vurdera lågutsleppskøyretøy/ nullutsleppskøyretøy ved neste anbodsrunde av renovasjonsteneste. Laga eit skriftleg notat på vurderinga.
  • Laga ein plan/notat om handtering av kunstgrasbanar med gummigranulat og leikeplassar med gummiunderlag.
  • Laga ein oversikt over registrerte søppelbrenningar og laga notat om anbefalte vidare tiltak.
Klimatilpassing og overvatn

Kort fortalt:

  • Klimatilpassing handlar om å ta omsyn til framtidas klima.
  • I Time kommune er flaum, overvatn og tørke dei viktigaste lokale konsekvensane av klimaendringane.
  • Naturbaserte løysingar for klimatilpassing er tiltak for å avgrensa skadar frå klimaendringane samtidig som ein får auka natur- og friluftsverdiar.

Hovudmål:

  • Redusera sårbarheita for klimaendringane.
  • Auka tverrfagleg samhandling om klimatilpassing og overvasshandtering.
  • Auka kunnskap og kompetanse om lokal klimatilpassing.
  • Bruka naturbaserte løysingar for klimatilpassing.

Tiltak i handlingsplan:

  • Årleg tverrfagleg internt møte om klimatilpassing med fokus på vatn og vassforvaltning. Mål om å auka kunnskap og samhandlinga om klimatilpassing i organisasjonen inkludert leiinga.
  • Etablera ei intern faggruppe på vatn for å løfta fram overvassproblematikken tverrfagleg.
  • Ei årleg offentleg melding på sosiale media for å opplysa om det lokale arbeidet med klimatilpassing.
  • Alltid vurdera infiltrasjonsløysingar.
  • Alltid vurdera naturbaserte løysingar for klimatilpassing.
  • Kartlegga moglegheiter for bekkeopningar og blågrøne tiltak, laga eit notat på dette.
  • Delta på kurs og seminar om klimatilpassing, overvatn og anna relevante tema.
  • Laga ein plan for vedlikehald av regnbed, opna og lukka sedimentasjonsbasseng, og sandfangarar (spesielt langs veg).
  • Arrangera minst eit klimatilpassingsseminar for landbruket saman med landbruksforvaltninga og helst med nabokommunar før 2025.
  • Jobba med å få fleire målarar som registrerer mengde overvatn.
  • Oppgradering av pumpestasjonar og felleskummar for å minska tal overløp av avløpsvatn direkte til vassdrag og for å redusera energiforbruket.
  • Revisjon av hovudplan for vatn og avløp. – begynner haust 2022.
  • Flomvegar/overløp opptil 200-års nedbør skal utgreiast fram til resipient eller håndteres i planområdet/anlegget, f.eks. ved å tillata lokal oversvøyming av parkeringsplassar/senkningar i terrenget.
Klimaarbeid i kommuneorganisasjonen

Kort fortalt:

  • Kommunen har eit stort ansvar for å ta val i eigen organisasjon som gir endringar og som reduserer utslepp av klimagassar. Spesielt viktig er kommunen sine innkjøp.
  • Dei indirekte utsleppa frå innkjøp i Time kommune er 19 700 tonn CO2-ekvivalentar.

Hovudmål:

  • Klima, miljø og berekraft skal vera førande for alle store tiltak og anskaffingar.
  • Time kommune skal delta og ta initiativ til forum for samvirke av klima- og miljøarbeid saman med næringsliv og innbyggarar.

Tiltak i handlingsplan:

  • Oppretta nettside om klimaendringar og lokale klimatiltak.
  • Arrangera eit møte/ei samling med lokalt næringsliv for å diskutera klimagassutslepp eller klimatilpassing.
  • Vurdera å melda kommunen inn i Klimapartnere.
  • Årlege møte/ presentasjonar med politisk utval om klima og miljø.
  • Gjera ei vurdering av klimarekneskap og klimabudsjett.
  • Ved revideringa av kommuneplanen sin arealdel skal klimagassutslepp og klimagassopptak frå arealbruk vera ein del av utgreiingsarbeidet.
  • Delta i interkommunale nettverk innan klima og miljø.
  • Etablera rutinar for klima- og miljøkrav i innkjøp.
  • Vurdera å kutta ut bruk av torvjord i kommunal drift.
  • Gjera vurdering og lage notat på å setta krav til nullutslepp av all taxi- og varetransport frå 2024.
  • Gjennomføra kompetansehevande tiltak knytt til sirkulær økonomi i kommuneorganisasjonen.
  • Årleg rapportering om korleis alle avdelingar i kommuneorganisasjonen arbeidar for å fremja sirkulær økonomi.