Ledsagerbevis

Om du har behov for følge eller assistane for å kunna gå på kultur- og fritidsarrangement, kan du søka om ledsagerbevis.

Kva er ledsagerbevis?

Den som har ledsagerbevis kan ta med seg ein ledsager utan ekstra kostnad på kultur- og fritidsarrangement. Ordninga gjeld berre hos dei verksemdene som aksepterer ledsagerbevis. Dette gjeld mellom anna alle kommunale verksemder i Time kommune, inkludert Bryne kino og Storstova.

Kven kan få ledsagerbevis?

Ledsagerbevis er for personar som på grunn av sjukdom eller nedsatt funksjonsevne har behov for bistand for å kunna delta på arrangement.

I tillegg må du senda inn legeerklæring og passbilde. Saksbehandlingstida er tre veker.

Treng du hjelp til utfylling?

Ta kontakt med Innbyggarservice på rådhuset om du treng hjelp til å fylle ut søknaden.

Søknadsskjema