Hjelpemiddel

Kommunen har eit lager med hjelpemiddel. Har du ein sjukdom, skade eller andre grunnar som gjer at du har behov for hjelpemiddel kan du låna dette for ein kortare periode. Hensikten er at du skal vera mest mogleg sjølvhjelpt i kvardagen.

Tilvisning fysio- og ergoterapi

 

Kven kan låna?

Alle som bur eller oppheld seg kortvarig i kommunen.

Kva kan du låna?

Kommunen har eit hovudlager på Bryneheimen som kan legge til rette og hjelpe deg i kvardagen. Her kan du låna desse hjelpemidla:

Kva kan du låna?
. .
Rullator Rullestol
Dusj- og toalettstol Arbeidsstol
Preikestol Toalettforhøyer
Kor lenge kan du låna hjelpemiddel?

Hjelpemidla kan du låna i tre månadar. Du kan avtala inntil tre nye månadar om gongen viss det er nødvendig. Du må sjølv gje beskjed om du treng å forlenga eller vil avslutta lånet. Du har sjølv ansvar for at hjelpemidla vert levert tilbake.

Kva kostar det?

Hjelpemiddel er gratis å låne.

Du må sjølv hente og levera småhjelpemiddel som rullator, samenleggbar rullestol, pute, dusjkrakk, toalettforhøyer på kommunens hjelpemiddellager.

Adressa til kommunalt lager er Bryneheimen (underetasje på baksida)
Hognestadveien 41, 4340 Bryne

Tidspunkt for henting og levering må avtalas med ansvarleg for lageret på telefon 51 77 65 79.

Kan du ikkje henta eller levera sjølv, må du betale ein eigenandel på kroner 207 for transporten.

Har du varige behov for hjelpemiddel (meir enn to år)

Viser det seg at du treng eit varig utlån, det vil seia lengre enn to år, er det  NAV Hjelpemiddelsentral  som låner ut etter søknad. Treng du hjelp kan du ta kontakt med fysio- og ergoterapitenesta:

 

Kontaktinformasjon

Ansvarleg for lageret har nummer 51 77 65 79

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00