Fysioterapi for vaksne

Fysioterapeutene har kunnskap om kropp, bevegelse og funksjon, og førebygger og behandlar sjukdom og plager i muskel- og skjelettsystemet.

Tilvisingsskjema for fysioterapeuter

 

Kva kan fysioterapeuten bidra med?
  • Undersøking
  • Trening og behandling
  • Rettleiing, informasjon og råd
  • Gruppetrening i sal, gruppetrening og indviduell trening i basseng

 

Kommunale fysioterapeuter har tilbod om trening i gruppe for personar med lungesjukdom og fallforebyggjande/balansegrupper. 

Kven kan få fysioterapi?

Viss du har sjukdom, skade eller av anna grunn har nedsett fysisk funksjonsevne, kan du få hjelp av ein fysioterapeut. Det gjeld for alle som bur, eller kortvarig oppheld seg i kommunen. Du treng ikkje tilvising frå lege.

Kva må du betala?

Du må betala ein eigenandel. Prisane finn du her i takstplakaten. Barn under 16 år og personar med godkjent yrkesskade betalar ikkje eigenandel. 

Prisane gjeld både kommunefysioterapeutar og private fysioterapeutar.

Slik bestillar du time hos kommunefysioterapeut

Kommunale fysioterapeuter kan kontaktast via Innbyggarservice, tlf. 51 77 60 00, ope 0900-1500 eller send søknad via tilvisningsskjema for fysioterapeuter

Tilvisningsskjema til kommunal fysioterapeut gjeld berre for innbyggjarar i Time kommune. 

Private fysioterapeuter med driftstilskot

Private fysioterapeuter med driftstilskott kan kontaktast per telefon og har same pristakstar som kommunale.

Private fysioterapeuter og manuell terapeut med driftstilskot
Klinikk Fysioterapeut Telefon
Bryne Fysio- og manuellterapi Kirsten Brynes veg 7, 4344 Bryne Marit Løge, Dagne Skjærpe Aksnes, Christina Randulff og manuell terapeut Nina Gjøse 51 48 09 80
Time Fysikalske Institutt Hetlandsgt 9, 4344 Bryne (Høghuset, inngang B) Gisle Bjelland 51 48 11 11
Kvernaland fysioterapi Kvernalandsvegen 8, 4356 Kvernaland (Frøyhallen, 2. etg) John Yngve Hisken og manuell terapeut/psyko motorikker Ørjan Tveit 51 48 44 44

 

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00