Flyktningar – busetting og integrering

Du som vert busett i Time kommune må ha opphaldsløyve i Norge.

Busetting skjer etter avtale mellom Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) og Time kommune.

Når kommunen har fått namnet ditt frå IMDi, kontaktar me deg om tidspunkt for busetting. Viss du ikkje har funne godkjent bustad sjølv, vil du få tildelt ein kommunal bustad.

I startfasen vil du få praktisk bistand frå tilsette i kommunen når det gjeld spørsmål knytt til bustad, familie, økonomi, helse, utdanning, arbeid, fritidsaktivitetar med meir. Du får ein fast kontaktperson som følgjer deg opp etter behov.

Introduksjonsprogrammet

Nybusette flyktningar i alderen 18 til 55 år har rett og plikt til å delta i eit introduksjonsprogram. I ein periode på inntil to år får du opplæring i norsk og samfunnskunnskap, og deltek mellom anna i introduksjons- eller arbeidspraksis. Målet er at du snarast råd kvalifiserer deg til vidare utdanning og deltaking i yrkes- og samfunnslivet.

Du har rett og plikt til å delta i programmet viss du er

  • flyktning med politisk asyl
  • overføringsflyktning med innreiseløyve
  • person med opphald på humanitært grunnlag
  • person med behov for kollektivt vern
  • familiesameint med person nemnt ovanfor

Som deltakar i programmet får du:

  • oppfølging av ein programrådgjevar
  • kartlagt bakgrunn, kompetanse og ønske for framtida
  • individuell plan som tek omsyn til opplæringsbehova dine
  • heilårleg program på full tid med 37 ½ timar per veke og fem vekers ferie kvart år
  • introduksjonslønn knytt til deltaking. Stønaden er på årsbasis lik to gonger grunnbeløpet i folketrygda. Ugyldig fråvære fører til trekk i stønaden.
  • kursbevis/attest

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00
Janne Berit Nese
Verksemdsleiar Flyktningtenesta
E-post
Mobil 452 18 769