Ein koordinator er ein kontaktperson i kommunen for deg som har behov for to eller fleire langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester.
Du vil få ein koordinator som er din kontaktperson.
Koordinatoren din
- skal ha ei oversikt over tenester som eksisterer i Time kommune
- formidler kontakt med dei som er aktuelle for deg og koordinera tenestene
- skal sikra at dei ulike tenestene du får fungerer saman
- ser til at du får vera med på å bestemma kva som er best for deg
Her finn du informasjon om koordinerande eining i Time (PDF, 2 MB)
Individuell plan
Individuell plan (IP) gjev ein oversikt over ditt behov for offentlige tenester, kva du sjølv er ansvarleg for og kva det offentlege hjelpeapparatet er ansvarleg for.
Det er ditt mål som er utgangspunktet for den individuelle planen. Det er derfor viktig at du deltar aktivt i å laga planen.
Ein individuell plan skal sikra
- at tenestene du mottar vert samordna og individuelt tilpassa
- at alle tenesteytarane samarbeider med deg og/eller dine pårørande
Du kan få ein individuell plan dersom du har to eller fleire helse- og omsorgstenester i kommunen.
Les mer om individuell plan på helsedirektoratet sine sider
Det er ingen eigenbetaling for denne tenesta
Kontaktinformasjon:
Anneth Svela
Telefon: 51 77 61 45
Mobil: 402 16 400