Trygt og godt skulemiljø for elevar i Time kommune

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Skulane i Time kommune skal sørga for at elevane har det trygt og godt. Denne retten gjeld og på SFO og når elevane er på leksehjelp. (§9A-2 i oppll) 

Skulane skal ha nulltoleranse mot mobbing, vald, diskriminering og trakassering, og  dei skal arbeida forebyggande ved å jobba kontinuerleg for å fremja helsa, trivsel og læring. (§9A-3 i oppll)  At det er nulltoleranse betyr at skulen skal gripa inn og stoppa mindre alvorlege krenkingar. Kunnskapsdepartementet har valt å ta prinsippet inn i opplæringslova for understreka kor viktig det er at skulen har tydelege haldningar på dette området.  

Ein del av det førebyggande arbeidet i Timeskulen, er bruk av Olweusprogrammet for 4.-10.trinn og Zippys venner for elevar på 1.-4. trinn.  

Skulane i Time kommune er sertifiserte Olweus-skular og følger retningslinjene som følger av programmet både i det førebyggande arbeidet og om det skulle oppstå saker med utrygt skulemiljø. På 1.-4. trinn jobbar ein og med programmet Zippys venner som ein del av arbeidet med å fremja gode klassemiljø. 

Følg med og meld frå:  

Alle som arbeider i skulen skal følga med på korleis barna har det på skulen og i SFO. Dei skal melda frå til rektor så raskt som mogleg om dei får mistanke om, eller kjennskap til at eit elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Rektor skal melda frå til skuleeigar i alvorlege tilfelle. Om nokon på skulen mistenker at eit barn ikkje har det trygt og godt, skal dei og ta kontakt med eleven sine føresette og informera om arbeidet skulen sett i gang.  

Viss føresette eller andre er bekymra for om ein elev har det trygt og godt på skulen, må dei straks ta kontakt med skulen.  Ein kan ta kontakt med rektor, avdelingsleiar, kontaktlærar eller andre vaksne som jobbar ved skulen via telefon, app, e-post eller ved å bruke knappen  “Meld frå om mobbing” på skulen si heimeside. Om ein brukar knappen “meld frå om mobbing”, går det e-post direkte til rektor.  

Dersom det er mistanke om at ein som arbeider ved skulen krenker eit barn, skal ein ta kontakt med nokon i leiinga ved skulen, dvs. rektor eller avdelingsleiar. Om det er mistanke om at nokon i leiinga ved skulen utsett ein elev for krenking, skal ein ta kontakt med skuleeigar. Dvs. skulesjefen i Time kommune. 

Kva skjer når det er meldt frå? 

Skulen har aktivitetsplikt, og skal snarast undersøka saka og setta inn tiltak når dei får kjennskap til at ein elev ikkje har det trygt og godt på skulen eller på SFO. Skulen skal starta dette arbeidet innan 5 arbeidsdagar dagar etter at dei har fått ei varsling som gjev grunn til mistanke om utrygt skulemiljø.  

Som ein del av undersøkinga vil skulen snakka med eleven/ elevane og føresette. Det vil og bli gjort observasjonar og miljøkartlegging, slik at skulen kan avdekka kva som skjer, og kva tiltak som er relevante i saka.  

Rett til å klaga:  

Om føresette/elevar opplever at skulane ikkje gjer nok, eller at ting tar for lang tid når dei har gitt beskjed til rektor, kan dei klaga til Statsforvaltaren i Rogaland.  
Ved å følga lenkja under får de informasjon om korleis de går fram om de vil klaga.  

Ein trygg skoledag utan mobbing | Statsforvalteren i Rogaland 

Time kommune er skuleeigar for alle dei offentlege skulane i Time kommune, og har som oppgåve å følga opp og sikra kvaliteten på arbeidet ved skulane. Om det blir sendt klage til statsforvaltaren, vil skuleeigar følg opp skulen sitt vidare arbeid i saka.  

  

Om du vil lesa meir om teikn på mobbing, råd til føresette og skulen sitt arbeid kan du følge lenken: Mobbing | udir.no