Skulefritidsordning (SFO)

Time kommune har seks barneskular der det er SFO-tilbod. Desse er skulane på Bryne, Hognestad, Rosseland, Frøyland, Lye og Undheim.

Informasjon om åpningstider på SFO finn ein ved å gå inn på SFO på den einskilde skule si nettside.

Påmelding, endring og oppseiing av SFO
  • Du kan melda barnet på via skulen sine nettsider eller på kommunen si nettside.
  • Ved spørsmål i samband med påmelding, kontakt heimeskulen til barnet.

Påmelding, endring av plass og oppseiing av SFO skjer elektronisk

Dersom du skal endra opphaldstid eller seia opp plassen så skal dette gjerast elektronisk 

  • Oppseiingstida er  2 månader og gjeld frå den 1. i kvar månad.
  • Ved oppseiing og endringar etter 1. mars må ein betala det same som før ut skuleåret – foreldrebetalinga vert altså ikkje endra eller redusert. Sjå vedtekter for meir informasjon.

Slik går du fram:

  1. Pålogging: https://skole.visma.com/time
  2. Velg ID  og du får tilgang med MinID/Buypass/Commfides
  3. Velg SFO tilbod og meld på SFO
  4. Velg startdato og det SFO tilbodet du ønskjer
  5. Kryss av for at du har lese vedtektene  til SFO
  6. Rettleiingshefte (PDF, 144 kB)

Rettleiingsfilm - youtube

Informasjon om SFO - norsk
Informasjon om SFO - engelsk
Informasjon om SFO - polsk
Informasjon om SFO - arabisk
Kvalitetsplan for Skulefritidsordninga i Time
Informasjon om lågare pris på SFO dersom husstanden samla har låg inntekt

Pris og betaling

 

Prisliste skulefritidsordning (SFO) frå 01.01.2024
Pris pr md. (11md. pr år) 5 d/veke 4 d/veke 3 d/veke 2 d/ veke
Elevar 1. trinn 1330 kr 660 kr gratis gratis
Elevar 2. trinn 1330 kr 660 kr gratis gratis
Elevar 3.- 4. trinn 3340 kr 2660 kr 2000 kr 1330 kr
Matpengar 230 kr 190 kr 140 kr 100 kr
Pris pr ekstra dag 295 kr

 

Ein betaler for 11 månader per år. Ein betaler både for opphald og mat.

Informasjon til føresette om gratis kjernetid i SFO 

Elevane på 1. og 2. trinn får gratis kjernetid i SFO.  I Time kommune er gratis kjernetid definert som 3 dagarstilbodet. 2 dagars tilbodet vil og vera gratis for denne gruppa. Om føresette på 1. og 2. trinn ønskjer tilbod om 4 eller 5 dagar, vil prisen på eit 3 dagarstilbod bli trekt frå prisen på det tilbodet føresette vel.  

Pris for dei ulike tilboda er oppgitt i tabellen ovanfor.

Frå august 2024 vil tilbodet om gratis kjernetid og gjelda elevar på 3. trinn.  Dei same prisane som no gjeld for 1.-2. trinn, vil då og gjelda dei.  

Matpengar er rekna utanom pris på tilbodet. Dette må ein betala i tillegg.  

Dei vekene i skuleåret skulen har stengt og SFO er open, kan ein nytta dagane  ein har plass på SFO. Det er og mogleg å kjøpa opphald ekstra dagar. Denne ordninga gjeld og for ferieveka i slutten av juni og ved skulestart i august.  

Ein søker om SFO- plass via Visma flyt skule. Det ligg lenke på heimesida til skulen. 


Søknadsfrist er 1. mars. 

Redusert foreldrebetaling i SFO

Foreldre til barn i 1.- 4. klasse med samla inntekt under kr. 612 333,- har rett til å søka om redusert foreldrebetaling. 
Foreldrebetaling skal utgjera maks 6% av husstanden si samla inntekt for ein fulltidsplass i SFO. 

Ein får ikkje automatisk lågare pris på SFO om ein har låg inntekt, foreldre må sjølv søka om å få redusert pris. Ein søker om redusert pris via Visma flyt skule under «søknader».  

Vedtak om reduksjon gjeld for eitt skuleår om gongen.

For søknader før 1. august gjeld kommunen sitt vedtak frå 1. august og ut skuleåret. Blir det søkt etter 1. august, gjeld vedtaket frå første heile månad etter søknadsstidspunktet, og ut skuleåret. 

Time kommune har ikkje ordning for søskenmoderasjon i SFO.

 

Søk redusert foreldrebetaling

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00