PPT undersøkjer om elevar kan ha behov for ekstra hjelp i skulen gjennom observasjon, kartlegging og testar. Dersom du som føresett er bekymra tek du kontakt med skulen, som først gjer sine undersøkingar og set i gang utprøving av tiltak.
Dersom eleven framleis har vanskar, kan skulen i lag med føresette sende ei tilvising til PPT. PPT vil då kartleggje kva behov eleven har, og rettleie skulen i korleis dei bør arbeida vidare. Viss PPT vurderer det slik at eleven har behov for spesialundervisning, vil me utarbeida ei sakkunnig vurdering, jamfør Opplæringslova.
Har eleven rett på spesialundervisning skal rektor deretter fatta eit vedtak som stadfester dette.
Tilvisningsskjema
Pedagogisk rapport (DOC, 833 kB)
Utdanningsdirektoratet – om spesialundervisning
Sist endra15.11.2019 10.12