Pris og betaling

Foreldre skal ikkje betala meir enn maksprisen for ein barnehageplass, og maks 6 % av husstanden si samla inntekt. 

Makspris

Prisar

Maksprisen gjeld alle typar barnehager, både kommunale og private. Grensa vert fastsett av Stortinget. Barnehagane kan kreva betaling for kost (matpenger) og bleier i tillegg til maksprisen.

Ein betaler for 11 mnd pr år. For kommunale barnehagar er juli månad betalingsfri. 

Søskenmoderasjon

Barn nummer to får 30 % søskenmoderasjon og barn nummer tre og vidare får 50 % søskenmoderasjon.  Frå 1.august 2023 er det gratis barnehageplass frå og med det tredje barnet om ein har fleire barn i barnehage samtidig.

Rett til redusert foreldrebetaling

Viss maksprisen er høgare enn 6% av husstanden si samla inntekt skal ein ha redusert pris. Makspris er  frå 1.januar 2023 kr. 3000,- pr månad for fulltidsplass. 

Ordninga går ut på at ingen skal betala meir enn 6 prosent av inntekten sin per barn. Dette gjelder både kommunale og private barnehagar.

I tillegg har 2, 3, 4 og 5 åringar rett på 20 timar gratis kjernetid i veka dersom husstanden si samla inntekt er under kr. 615 590,- pr år (frå 1.august 2023). 

Ein søker redusert betaling i den kommunen der barnet er folkeregistrert, og det er foresatte som bur på same adresse der barnet er folkeregistrert som har rett til å søka.

For søknader før 1.august, gjeld kommunen sitt vedtak frå 1.august og ut barnehageåret. Vert det søkt etter 1.august gjeld vedtaket frå fyrste heile månad etter søknadstidspunktet og ut barnehageåret, jmfr §3d i Forskrift om foreldrebetaling i barnehager.

Vanleg saksbehandlingstid er ca 3 veker.

Søk redusert foreldrebetaling

Foreldre som allereie har fått innvilga redusert foreldrebetaling og som vil ha krav på dette også neste barnehageår,  bes søka på nytt innan 1. mai.  

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00