Borgarleg vigsel

Borgarleg vigsler kan føregå i eigen kommune, i andre kommunar eller ved norske utanriksstasjonar.

Kor og når kan me gifte oss?

Seremonien vil finna stad i seremonirommet i Time rådhus fredagar kl. 12.00–14.30, samt laurdagar kl. 11.00–14.00. 

Det vert ikkje lagt opp til vigsel på såkalla raude dagar og  "inneklemte" dagar og heller ikkje i vekene 27, 28, 29, 30 og 31. 

I 2025 er følgjande laurdagar sett av til vigsel: 18. januar, 15. februar, 22. mars, 26. april, 24. mai, 14. og 28. juni,  23. august, 20. september, 18. oktober, 22. november og 13. desember.

Time kommune kan og tilby vigsel andre stader og til andre tidspunkt,  dette i så fall etter nærare avtale.

I 2026 er følgjande laurdagar sett av til vigsel: 17. januar, 14. februar, 21. mars, 11. april, 9. mai, 13. og 27. juni, 22. august, 19. september 3. otober, 21. november og 12. desember.

Prisen for vigsel 2026 er kr 1500

Bestilling av tid for vigsel


 

Kva kostar det?
Språk
Erklæringar og attestar
Korleis føregår seremonien?
Kven kan vigsle?