Val av ungdomsråd for perioden 2026 - 2027
Er du samfunnsengasjert og ønsker å påverka korleis det er å bu og leva for barn og unge i Time kommune?
Då bør du melda di interesse for å sitja i ungdomsrådet i Time.
Rådet har rundt sju møte i året der ein diskuterer saker som har betydning for barn og unge i kommunen, og får koma med uttale til saker som skal til behandling i kommunestyret.
- Ungdomsrådet i Time kommune skal ha 11 medlemmer
- Alle medlemmer skal ha personleg varamedlem
- Medlemmene til ungdområdet blir vald for 2 år
- Medlemmene i ungdomsrådet skal på valtidspunktet ikkje ha fylt 19 år
- Møteplan 2026
Er dette noko for deg eller nokon du kjenner? Les meir om ungdomsrådet Ungdomsrådet
Forslag til kandidatar må sendast til post@time.kommune.no innan 23.11.2025
Sist endra 03.11.2025 08.27