Ungdomsrådet i Time kommune

Ungdomsrådet er eit rådgjevande organ for kommunen i alle spørsmål som gjelder levekåra for barn- og unge.
Ungdomsrådet skal fungera som talerøyr for ungdom inn mot kommunen sine politiske organer og administrasjon.

Time komunestyre har gitt Time ungdomsråd anledning til at leiar kan be om ordet i starten av kommunestyremøte.

Ungdomsrådet er for ungdommar frå 13-19 år og skal kunne uttala seg i blant anna: 

- Saker som handlar om barn og unge
- Kommunen sitt tenestetilbod
- Økonomiplanen (Timeplanen)

Brit Kristine Wiig er koordinator for Ungdomsrådet. Epost: Brit.Wiig@time.kommune.no

Når har ungdomsrådet møter?

I 2024 skal Ungdomsrådet ha møte 7 gonger, og kan ellers sjølv bestemma å ha fleire møter ved behov. Det  er sett opp desse møtedatoane der møta startar kl 15.45: 

30. januar
5. mars
16. april
28. mai
27. august
24. september
19.  november

Kva slags oppgåver har Ungdomsrådet?

I tillegg til oppgåvene som er nemnd ovanfor skal Ungdomsrådet:

  • Vera eit rådgjevande organ for kommunen i saker som handlar om levevilkåra for barn og unge
  • Time ungdomsråd kan sjølv ta initiativ til saker som gjeld barn og unge
  • Driva informasjonsarbeid om Time ungdomsråd sitt arbeid og unge sin moglegheit til å påverka
  • Leiar av ungdomsrådet kan be om ordet i starten av kommunestyremøte.
  • Organisera valet av representant til ungdommens fylkesting.
  • Skal skriva ei årsmelding om arbeidet sitt som vert sendt kommunestyret til orientering.
Får ein betalt for å delta i Ungdomsrådet?

Det vert betalt ut møtegodtgjersle på kr 300  per møte. I tillegg vert reelle reiseutgifter dekka.

Reglement for ungdomsrådet i Time
Ungdomsrådet 2023-27 foran Time rådhus - Klikk for stort bileteFrå venstre: Odin Tjelta Søiland, Ena Laland Martin, Jakob Rettedal Losvik, Fleur Amelie De Quartel, Ida Regine Bjørnsen, Maria Serigstad, Solveig Enge Erga, Randi Ødemotland og Torje Skjevrak. Ikkje til stades: Erlend Eide og Melissa Heradstveit. Are M. Heiseldal
Medlemmer av ungdomsrådet (2024/2025)
Medlem Skule
Ena Laland Martin Lye ungdomsskule
Odin Tjelta Søiland Bryne ungdomsskule
Maria Serigstad Bryne ungdomsskule
Fleur Amelie De Quartel Frøyland ungdomsskule
Erlend Eide Vardheia ungdomsskule
Melissa Heradstveit Bryne vgs.
Torje Skjevrak Bryne vgs.
Randi Ødemotland Bryne vgs.
Ida Regine Bjørnsen Bryne vgs.
Solveig Enge Erga Fri representant
Jakob Rettedal Losvik Fri representant