Are M. Heiseldal

Med digital vassmålar
Viss du har fått installert ein ny, digital vassmålar, som ser ut omtrent som den på bildet til høgre her, treng du i utgangspunktet ikkje gjera noko. Dei digitale vassmålarane vert avleste automatisk.
Har du digital vassmålar og likevel får tilsendt anten SMS for registrering eller eit målarkort i posten/digital postkasse, så er det fordi kommunen av ein eller annan grunn ikkje får kontakt med målaren din. Då må du registrera vassforbruket manuelt som før, sjå under.

Med analog vassmålar
Har du vassmålar av den gamle typen, som ser ut omtrent som den på bildet til høgre her, får du mest sannsynleg ein SMS med ei lenke til ei nettside for registrering av målarstand. Du treng ikkje logga på, berre registrer den nye målarstanden og kven som har lest han av, og send inn.
Fristen for å gjera dette er i år 17. desember. Det er berre tala i den raude firkanten som skal registrerast, ikkje dei tre tala under det raude krysset.
Eigedommar som ikkje er registrerte på privatpersonar, altså eksempelvis burettslag, sameige, næringseigedommar og så vidare, kan ikkje registrera vassforbruket via SMS. Er du kontaktperson for ein slik eigedom vil du få eit målarkort anten i Altinn eller di digitale postkasse, eller – viss du har reservert deg mot offentleg digital kommunikasjon – som godt, gamaldags brev i posten. Målarkortet inneheld all nødvendig informasjon for å registrera målarstanden via eit skjema på kommunen sine nettsider. For å få gjort dette må du identifisera deg med BankID.
Her kan du lesa meir om registrering av vassmålarstand.