Melding om vedteken endring i plan: plan 0076.00 Lye sentrum - klatrehallen

Utval for lokal utvikling har i møte den 05.03.2026 vedteke endring i følgande reguleringsplan: 

Plan 0076.00 Lye sentrum

Planen opnar no for at det kan byggjast tilbygg til Lyehallen. Meir informasjon om endringa kan lesast i vedlegga. 

Informasjon om klage 

Vedtaket kan påklagast til Statsforvaltaren i Rogaland, jamfør §§ 1-9 og 12-12 i plan- og bygningslova. 

Eventuell klage skal sendast til Statsforvaltaren i Rogaland via Time kommune, postboks 38, 4349 Bryne. Det er og mogeleg å senda eventuell klage via kommunens nettside. Gå til menyvalg Skjema og Klage på vedtak – skjema. 

Klage må vere sendt seinast tre veker etter kunngjering av vedtaket. 

Krav om innløysing eller erstatning i medhald av planen, må vere lagt fram seinast 3 år frå i dag, jf. §§ 15-2 og 15-3 i plan- og bygningslova. 

Plandokument: 

01. Vedtak (PDF, 558 kB)

02. Godkjent plankart (PDF, 2 MB)

03. Godkjente føresegner (PDF, 145 kB)

04. Planskildring (PDF, 4 MB)