Utval for lokal utvikling har i møte den 19.06.2025 vedteke følgjande planendring:
Plan 0410.00 - Detaljregulering for offentlig formål nord for Stemmen, Kvernaland
Føremålet med endringa er å legge til rette for ei utviding av Kvernaland omsorgssenter og nye omsorgsbustader etter foreldreinitiativkonseptet. I samband med dette er planen og oppdatert i tråd med nye føringar om mellom anna flaumsikring.
Vedteken reguleringsplan og andre dokumenter, og tilhøyrande saksframlegg kan synast ved å trykka på knappen “Plandokument”. Vedtekne plandokument i papirformat kan du få ved å henvende deg til innbyggerservice i Time rådhus.
Plandokument
Informasjon om klagerett
Vedtaket kan påklagast til Statsforvaltaren i Rogaland, jamfør §§ 1-9 og 12-12 i plan- og bygningslova.
Eventuell klage skal sendast til Statsforvaltaren i Rogaland via Time kommune, postboks 38, 4349 Bryne. Det er også mogeleg å senda eventuell klage via kommunens nettside. Gå til menyval Skjema og Klage på vedtak – skjema.
Klage må være sendt seinast 18. juli 2025.
Krav om innløysing eller erstatning i medhald av planen, må være lagt fram seinast 3 år frå i dag, jf. §§ 15-2 og 15-3 i plan- og bygningslova.