Høyring: Retningslinjer for mindre vindmøller og solenergianlegg i LNFR-område i Time kommune


Utval for lokal utvikling vedtok i møte den 22.06.2023 å legga forslag til retningslinjer for mindre vindmøller og solenergianlegg i LNFR-område i Time kommune ut til høyring.
 

Føremålet med retningslinjene er å vera rettleiande ved behandling av søknader om vindmøller og solenergianlegg i LNFR-område.
 

Saksframlegg: Retningslinjer for mindre vindmøller og solenergianlegg i LNFR-område i Time kommune (PDF, 540 kB)
Kunnskapsgrunnlag om mindre vindmøller og solenergianlegg i LNFR-områder (PDF, 2 MB)
Høyringsutkast: Retningslinjer for mindre vindmøller og solenergianlegg i LNFR-område i Time kommune (PDF, 200 kB)


For å sende inn uttale til retningslinjene kan du senda e-post til post@time.kommune.no eller senda brev til Time kommune, Postboks 38, 4349 Bryne.

Frist for å senda inn merknadar til retningslinjene er 24.09.2023. 

Mottekne merknader og innspel til retningslinjene vil ikkje verte svara direkte, men verta vurdert i behandlinga av retningslinjene og kommentert når endeleg forslag vert lagt fram til politisk behandling.