Føremålet med endringa
Føremålet med foreslegne endringar er ifølge forslagsstillar å forbetre bukvaliteten i bustadene ved å gje redusert oppleving av trafikkstøy og mindre visuell eksponering mot fylkesvegen. Dei peiker på at potensielle kjøparar og eigedomsmeklarar er opptatt av støyskjerming. Meir om bakgrunnen for endringa og korleis forslagsstillar vurderer saka kan lesast i vedlegg 05.

Forslagsstillar sin illustrasjon av korleis støyskjermen kan koma til å sjå ut, sett frå Arne Garborgs veg.
Endringsforslaget vil innebere at reguleringsplanen opnar for ein langsgåande støyskjerm langs planområdet på inntil 2,1 meter høgde, mot Arne Garborgs veg. Forslaget opnar for ei plassering 12-13 meter frå vegmidt Arne Garborgs veg.
Dette vil påverke støyforhald i deler av planområdet, samt det estetiske uttrykket til planområdet og korleis området opplevast langs vegen.
Sjå vedlegg for meir informasjon om ytterlegare endringar. Endringar vil skje i plankart og føresegner.
Det er utarbeidd ny dokumentasjon for å syne konsekvensane av endringane. Desse kan sjåast i vedlagte illustrasjonar og dokumenter.
Har du innspel?
Merknader sendast på e-post til post@time.kommune.no, eller til Time kommune, Postboks 38, 4349 Bryne.
Merknader vil ikkje svarast ut med eige brev, men blir heller referert til og kommentert i samband med politisk eller administrativ behandling.
Frist for å gje merknader er 17.11.2026.
Vedlegg
Høyring - Endring av Plan 0557.00 - Detaljregulering for bustader i Arne Garborgs veg 51, 53 og 55, Bryne.pdf (PDF, 2 MB)
01 Plan 0557 Forslag til plankart, datert 19.10.26.pdf (PDF, 486 kB)
02 Plan 0557 Gjeldende plankart, datert 18.10.24.pdf (PDF, 552 kB)
03 Plan 0557 Forslag til planbestemmelser, revidert 22.10.26.pdf (PDF, 163 kB)
04 Plan 0557 Gjeldende planbestemmelser, revidert 23.10.25.pdf (PDF, 161 kB)
05 Plan 0557 Søknadsbrev med supplering.pdf (PDF, 2 MB)
06 Plan 0557 Støyvurderinger.pdf (PDF, 2 MB)
07 Plan 0557 Illustrasjonsplan.pdf (PDF, 269 kB)
08 Plan 0557 Illustrasjoner av støyskjerm.pdf (PDF, 5 MB)
09 Plan 0557 3D-perspektiv støyskjerm.pdf (PDF, 2 MB)