Vil du bidra til å fjerna landøyda?

landøyda - Klikk for stort bileteSlik ser landløyda ut

Landøyda er ei giftig plante som kan gje drøvtyggarar store skadar dersom ho hamnar i fôret. 

Dyr på beite klarar som regel sjølv å sortera ut kva vekstar dei kan eta, men enkelte planter kan skapa store skadar dersom den hamnar i det ferdige fôret til dyra.  

Landøyda er ei slik plante.  Den kan gi drøvtyggarar leverskade, og i verste fall føra til død, dersom ho hamnar i slåtten ilag med graset dyra skal eta seinare på året.  

Gardbrukarar brukar derfor mykje tid kvart år på å halda planta vekke frå matfatet til dyra.  

Bladverk landøyda - Klikk for stort bileteBladverk landøyda

Vanskeleg å fjerna alt

Time kommune forsøker også å fjerna planta frå offentlege område der planta kan utgjera fare, men me har ikkje kapasitet til å ta alt. Det har heller ikkje Rogaland fylkeskommune, som har ansvaret for grøftene langs fylkesvegane i kommunen.  

I fjor røska fleire timebuar opp det som vart mange sekker med landøyda, og det er både kommunen og bøndene takksame for.

Vil du bidra?

Viss du vil hjelpa til med å fjerna planta frå eigedommen eller nærområdet ditt, er det lurt å bruka hanskar, dra opp planta med rota og legga henne i restavfallet – dette for å hindra frøa i å spreia seg. 

Time kommune tek også imot sekkar/posar med landøyda hjå driftsavdelinga vår i Bedriftsvegen 9 på Håland på Bryne. Hugs at posen må vera gjennomsiktig. Dei som vil kan få pose/sekk hjå driftsavdelinga på Håland eller hjå Innbyggarservice på Time rådhus.