Utruleg tett i Sykle til jobben-konkurransen

“Du vil ikkje tru…” – sånn startar tabloidavisene ofte sakene sine viss dei vil ha klikk. Men i dette tilfellet er innhaldet i saka verkeleg knapt til å tru.

Vaksen mann som syklar i full fart på altfor liten sykkel i skogholt - Klikk for stort bilete

 

Sykle til jobben-aksjonen har nå vart i ganske nøyaktig éin månad (sjølv om me oppdaga det i seinaste laget), og det er ti dagar igjen til sluttstreken settast 15. juni. Me har gått ut med eit halv-hårete mål om å slå Klepp for tredje år på rad, og klara eit hat trick som “Jærens sprekaste kommune”.

Det kan me klara, men det er jamnare enn det nokon gong før har vore. Så jamnt, faktisk, at leiinga dei to kommunane imellom skiftar frå dag til dag.

Sidan starten 6. mai har innbyggarane i Time og i Klepp registrert over fem tusen treningsøkter, i kvar kommune. I skrivande stund skiller det – hald deg fast – TO økter mellom kamphanene. To økter!

  • Time kommune: 5258 registrerte økter (totalt 261 411 minutt, fordelt på 165 deltakarar)
  • Klepp kommune: 5256 registrerte økter (totalt 257 729 minutt, fordelt på 198 deltakarar)

Me har halde auge med statistikken den siste veka, og kampen er heilt open. Klepp hadde ei nokså klar leiing tidleg i førre veke, men måndag i denne veka var plutseleg Time foran – tre økter foran. Tysdag var Klepp tilbake i leiinga. Og i dag, torsdag, er altså Time på topp igjen. Så vidt!

Som de ser av tala over trener timebuane lenger enn kleppsbuane når dei først trener, mens Klepp har fleire deltakarar enn Time. Men det er det totale talet på treningsøkter som gjeld i konkurransen, og der er altså Time eit … ja, me kan jo ikkje seia eit hestehovud foran, for så mykje er det ikke, men kanskje eit vipehovud?

Uansett! Det er ti dagar igjen, og nå tel faktisk kvar einaste økt i kampen. Meld deg på viss du ikkje har gjort det før – oppskrifta finn du i vår førre artikkel – eller, viss du allereie er med, registrer dei siste øktene dine!

Me vil behalda pokalen!

Pokalen for "Jærens sprekaste kommune" ståande ute i solskinet - Klikk for stort bilete