På dette biletet frå i fjor held Time-ordførar Andreas Vollsund (t.v.) pokalen for dei to strake sigrane, medan Klepp-ordførar Kjetil Maudal har blikket festa på horisonten og nye sykkel-utfordringar.
Are M. Heiseldal
Årets Sykle til jobben-aksjon starta faktisk allereie tirsdag 6. mai, så me har “mista” to dagar. Men aksjonen varer lenge ennå, heilt til 15. juni, så ingen tog er gått (ikkje at det hadde hatt noko å seia uansett, me skal jo sykla). Det er gratis for alle innbyggarar og bedrifter med postadresse i Time å vera med.
Ved å delta sankar innbyggarar i Time viktige poeng for kommunen sin i den lokale konkurransen mellom jærkommunane – som i dette tilfellet er Time og Klepp, ettersom Hå heller ikkje i år er med, trass i ordførar Andreas Bjorland sine klare lovnadar frå i fjor. Du kjem til å få høyra det frå din namnebror i Time, Andreas!
Den av kommunane Time og Klepp som får flest innbyggar-poeng totalt under aksjonen, kan smykka seg med den prestisjefulle tittelen “Jærens sprekaste kommune” - og får den gjeve pokalen til neste års aksjon. Og sjølv om me vant den viktigaste konkurransen i fjor, måtte ordføraren vår sjå seg slått av Kjetil Maudal i Klepp, noko han heilt klart ikkje vil sjå gjenta seg:
Poeng for alle typar fysisk aktivitet
Alle innbyggarar frå 15 år og oppover kan vera med på aksjonen. Du treng verken å ha ein jobb eller å eiga sykkel for å delta, for alle typar fysisk aktivitet gjev poeng.
Eksempel på aktivitetar er:
- Gå tur
- Dansing
- Sykling
- Jogging
- Badminton
- Fotball
- Yoga
- Fekting
- Surfing
- Stolpejakt 😉
Er du sprekare enn ordføraren?
Alle Time-innbyggarar som klarer å sanka fleire poeng enn ordførar Andreas Vollsund i løpet av kampanjen, er med i trekninga av 1 stk. Bryne-gåvekort til ein verdi av kr. 500.
I tillegg kan du delta på nasjonale utfordringar kvar veke og vinna premiar som treningsutstyr, sykkel og mykje meir.
Sånn melder du deg på:
Gå inn på www.sykletiljobben.no og trykk “meld deg på”
Fylg stega med innlogging til Sykle til jobben 2025.
Vel om du deltek åleine eller med ei bedrift.
Dersom du deltek med bedrift: Vel bedrift eller opprett bedrifta. Vel så om du vil bli med på eit lag med kollegaer eller delta åleine.
Viktig info for deg som deltek med ei bedrift: For at dine personlege innbyggar-poeng skal telja med i konkurransen “Jærens sprekaste kommune”, er det viktig at du registrerer postadressa di på din personlege profil. Det er då mogleg for ein timebu som arbeider i ein annan kommune å sanke innbyggar-poeng for Time, sjølv om arbeidsplassen er i ein annan kommune.
NB! Du kan òg både melda deg på, registrera aktivitet og fylgja med på kor mange poeng du har ved å bruka appen som heiter “Bedriftsidretten”.
Meir informasjon om kampanjen, konkurransane og poengsystemet finn du på www.sykletiljobben.no