Torfinn Nærland blir ny fagleiar landbruk

 55-åringen frå Vigrestad overtek stillinga etter Kirsten Smedvig. 

– Dette gler eg meg til. Etter å ha fordjupa meg i økonomi på gardar og utforming av fjøs i mange år, skal det bli gildt med ei avveksling og sjå på dei litt større samanhengane igjen, seier Torfinn Nærland.  

Brei erfaring 

Nærland får ein viktig jobb når han trør inn i stillinga som fagleiar landbruk i Time kommune. 55-åringen forlèt då jobben som bygningsrådgjevar i Tine. I Tine har han mellom anna hjelpt bønder med planlegging av nybygg og ombygging av driftsbygningar, og han har arbeidt med økonomisk rådgjeving.  

Nærland har ein master i landbruksøkonomi frå Norges Landbrukshøgskule, og har i tillegg arbeidserfaring frå bank, rekneskapslag, Innovasjon Norge, og som lærar ved landbruksskule.  Han har òg vore jordbruks- og næringssjef i Gjesdal kommune. 

- Høyrer heime i landbruket 

Nærland startar som fagleiar landbruk i Time kommune 1. juni.  

– Eg trur det blir veldig spanande å få jobba med å legga til rette for utviklinga av den enkelte gard, og samstundes få arbeida med samfunnsutviklinga i Time, sier han.

Nærland vaks sjølv opp på gard i sjøkanten, og på fritida syslar han med litt grasproduksjon på det som nå har blitt eit hobbybruk etter dagens landbruk.
   
– Så eg får framleis jord under fingrane, og får putla på ein liten traktor. Eg trivst veldig godt i landbruket. Det er her eg høyrer heime.