Kommunedirektør Trygve Apeland er glad for at Kommunebarometeret 2021 viser at Time er ein veldreven kommune:
- Me har dyktige og engasjerte medarbeidarar som står på for at me skal levera best mogleg tenester til innbyggarane våre. Det at me blir rangert som nr 5 av alle kommunane i landet er ei anerkjenning av den innsatsen dei legg ned kvar dag, seier Apeland.
Time scorer bra på ei rekke område, mellom anna barnevern, kultur, sosialtenester, helsetenester, saksbehandling og kostnadsnivå. I sektoren Miljø er Time på 2. plass.
- Miljøet er viktig for oss, og då er det ekstra kjekt at nøkkeltala viser at me er nest best i landet i denne sektoren. Me har i fleire år arbeida målretta med energieffektivisering av kommunale bygg, noko som har ført til redusert energibruk. Me har også godt samarbeid med lokalt bondelag og regionale myndigheter med tanke på miljøvennleg landbruk, seier Apeland.
Han understreker også at kommunen arbeider med ny klima- og miljøplan som mellom anna skal setta retning for framtidige utsleppskutt av klimagassar.
Rapporten viser også at Time har ein effektiv administrasjon. Saman med 18 andre kommunar er Time den kommunen som har minst nettoutgifter til administrasjon per innbyggar. Samtidig får Time også toppcore på bruk av midler til rekreasjon i tettstader. Dette gjeld mellom anna opparbeiding, drift og vedlikehald av offentlege plassar og torg, parkar, turvegar og offentlege toalett.
Sjølv om Kommunebarometeret 2021 viser at mykje er bra i Time, er det også rom for forbedring:
- Det er alltid mogleg å gjera ting betre, og me vil også bruka rapporten for å sjå kva område me kan forbedra oss på, seier Apeland.
Heile rapporten for Kommunebarometer for 2021 kan du lesa her (ekstern lenke - krev abbonement).