Time kommune vert meir demensvenleg

Arbeidet med å gjera Time kommune til ein betre stad å bu for personar med demens, er godt i gang.

Ordførar heng opp klister som visar at Time kommune er demensvenleg - Klikk for stort bilete Linn Iren Nilsen Oppedal

Dei tilsette som arbeider i innbyggarservice på rådhuset har nå blitt kursa i korleis dei kan gje best mogleg service til innbyggarar med demens. 

Dette vart markert ved at ordførar sette opp klister ved hovudinngangen til rådhuset 9. juni.  

Skal kursa fleire

Time kommune signerte ein avtale i 2020 om å vera med på kampanjen “Demensvennlig samfunn”, som er i regi av Nasjonalforeningen for folkehelsen.

Hensikta med kampanjen er å skapa betre kunnskap, forståing og openheit rundt demens.  

Time kommune har forplikta seg til å halda kurs for personell i offentleg og privat servicenæring, som for eksempel bibliotekarar, butikk- og kioskmedarbeidarar, servitørar, bussjåførar og medarbeidarar på tilsette i Innbyggarservice i kommunen, i korleis dei best mogleg kan møta menneske med demens. 

Grunna koronapandemien har det tatt tid å starta opp med kursa, men arbeidet er nå i gang og vil fortsetta utover hausten.  

Trykk her for å lesa meir om kampanjen Demensvennlig samfunn (ekstern lenke).