Time kommune tek i bruk kjernejournal

Målet med løysinga er å gje tryggare helsehjelp og betre pasienttryggleik.

Time kommune tek nå i bruk den nasjonale samhandlingsløysinga for helse- og omsorgssektoren: kjernejournal.  

Kjernejournalen samlar viktige helseopplysningar ein stad – med enkel tilgang for autorisert helsepersonell. Målet med løysinga er å gje tryggare helsehjelp, betre samhandling i tenestene og betre utnytting av tida til helsepersonell. Kort sagt skal pasientryggleiken aukast.  

 Tilgang via helsenorge.no

Alle innbyggarar får automatisk oppretta ein kjernejournal, men ein kan reservere seg mot ordninga. Innbyggarane får tilgang til kjernejournalen sin via Helsenorge.no. 

Ved å logga deg inn får du innsyn i dine opplysningar og du kan oppdatera kjernejournalen din.

Kritisk informasjon

Situasjonen i dag er slik at legar og ulike behandlingsstader ikkje har tilgang til kvarandre sine journalsystem. Mykje tid går derfor med til å hente inn relevant og kritisk informasjon.

Med kjernejournalløysinga kan ein dele viktige helseopplysningar på tvers av verksemder og nivå. Informasjon gjort tilgjengeleg i kjernejournalen kan på denne måten medverka til å redda liv.  

Når nokon vert akutt sjuk kan det vera avgjerande å skaffa informasjon om for eksempel allergiar eller medisinar fort. Då kan det vere sekunda som tel.  

At kommunen nå tek ordninga i bruk betyr at autorisert helsepersonell i Time kommune ved behov kan få tilgang til kjernejournalen til innbyggjarar som mottek helsetenester frå kommunen.  

Les meir om kjernejournal-ordninga og sjå din eigen kjernejournal på Helsenorge.no