Time kommune er re-godkjend som “Trafikksikker kommune”

Beredskapskoordinator Magne Bartlett, kommunedirektør Trygve Apeland og regionsleiar i Trygg Trafikk Rogaland,Ingrid Lea Mæland står sammen i gangen i Time rådhus - Klikk for stort bileteBeredskapskoordinator Magne Bartlett, kommunedirektør Trygve Apeland og regionsleiar i Trygg Trafikk Rogaland,Ingrid Lea Mæland.

Onsdag 14. desember blei Time kommune re-godkjend som “Trafikksikker kommune” av Trygg Trafikk. 

Re-godkjenninga blei gitt i eit møte mellom Trygg Trafikk, kommunedirektøren, leiargruppa og representantar frå skule, barnehage, kommunelege og helsestasjonane.   

Kvalitetsstempel 

Å bli godkjend er ingen garanti for fråvær av ulykker, men eit kvalitetsstempel som fortel at kommunen arbeider godt og målbevisst basert på den økonomien kommunen har til rådigheit. 

Det er Trygg Trafikk som har ansvaret for godkjenninga og i forkant av re- godkjenningsmøtet har dei gjennomgått dokumentasjon som er levert inn frå ulike etatar, og det er gjennomført spørreundersøkingar.  

Undersøkinga gir en indikasjon på effekten av Trafikksikker kommune-arbeidet i organisasjonen.  

Tradisjon for førebyggande arbeid 

Regionsleiar Ingrid Lea Mæland i Trygg Trafikk Rogaland er svært tilfreds med Time kommune sitt arbeid.  

- Time kommune har tradisjon for godt ulykkesførebyggande arbeid, noko som vert spegla i den dokumentasjonen som er levert inn, i spørreundersøkinga og i arbeidet kommunen gjer, seier ho.  

– Trafikksikker kommune er vedtatt politisk og forankra i kommuneleiinga, og vi meiner at organisasjonen har ein god prosess i arbeidet med å samle og synleggjere innsatsen for trafikksikkerheit, legg regionsleiaren til. 

 158 godkjende kommunar 

Det er nå 157 kommunar som er godkjent i landet, og i utgangen av desember 2022, er 21 kommunar godkjend i Rogaland. Godkjenninga varer i 3 år, og etter det, blir dei som ønsker det re-godkjent. Dette er andre re-godkjenningen i Time. Kommunen fekk kvalitetsstempelet Trafikksikker kommune første gong i 2016.