Tilskot til inkludering av barn og unge (Bufdir)

Gjennom støtteordninga Tilskot til inkludering av barn og unge kan lag, organisasjonar og andre aktørar i Time kommune søka støtte til prosjekt som fører til at fleire barn og unge vert inkludert i fritidsaktivitetar.

Målet med tilskotsordninga er å legga til rette for at alle barn og unge skal ha moglegheit til meistring og deltaking. Tilskotsordninga skal bidra til å utvikla opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp. 

Frivillige organisasjonar, private aktørar eller offentlege instansar kan søka om tilskot frå ordninga.

Søknadsfrist for tilskotsåret 2022 er 17. desember.

Ordninga vert administrert av Bufdir og den nye støtteordninga Tilskot til inkludering av barn og unge erstattar dei tidlegare støtteordningane Nasjonal tilskotsordning for inkludering av barn og unge, Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn og Støtte til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom. 

Knutepunktfunksjon - få hjelp til søknaden din

I tråd med retningslinene for tilskotsordninga har Time kommune oppretta ein knutepunktfunksjon. Knutepunktfunksjonen koordinerer det frivillige og offentlege arbeidet i kommunen retta mot målgruppa og er kontaktpunkt i kommunen for andre aktørar som arbeidar med inkludering av barn i målgruppa. Knutepunktfuksjonen skal også ha oversikt over lokale forhold knytt til barn i målgruppa og over relevante tilbod frå kommune, frivilligheit og andre aktørar.

Har du spørsmål om tilskotsordninga, behov for å diskutera eit prosjekt eller treng hjelp til ein eventuell søknad kan du ta kontakt med:
Stian Langeland, fritidssjef
E-post: stian.langeland@time.kommune.no
Tel. 51776164

Meir informasjon finn du på nettsida til tilskotsordninga.