Styrkar eldreomsorga med ernæringsfysiolog 

Bilete av Miriam Lode - Klikk for stort bileteMiriam Lode

 Time kommune har tilsett ernæringsfysiolog Miriam Lode for at eldre innbyggarar skal få nok og riktig mat heile livet.  

Nasjonale undersøkingar viser at ein av tre bebuarar ved norske sjukeheimar er underernært, og at ein av fire eldre som nyttar heimetenesta er underernært, eller står i fare for å bli det.  

Dette ynskjer Time kommune å gjera noko med. 

Ernæringsfysiolog Miriam Lode vart difor tilsett som klinisk ernæringsfysiolog i 40% stilling i Time kommune 1. februar. Time er dermed den fyrste jærkommunen som tilsett eigen ernæringsfysiolog. 

Gode matopplevingar 

Lode sin kompetanse skal bidra til betre mat og ernæring, og til gode måltidsopplevingar for eldre som bur på sjukeheim eller nyttar heimetenesta.   

Ernæringsfysiologens oppgåver blir å systematisera ernæringsarbeidet i kommunen, undervisa helsepersonell og delta i interkommunalt fagutval.  

Ernæringsfysiologen skal i tillegg utarbeida og revidera kommunen sin ernæringsstrategi, samt laga gode rutinar og verktøy for å drive eit godt ernæringsarbeid, i tråd med nasjonale føringar.  

Erfaring frå Bodø 

Miriam Lode har 4,5 års erfaring som klinisk ernæringsfysiolog frå Nordlandssykehuset i Bodø. Her har ho arbeidt tett med barnepost og medisinske- og kirurgiske avdelingar.

Ho har også fylgt opp utskrivne pasientar, og ho har vore med på å arrangera fagdagar for kommunalt tilsette i Nordland fylke.  

Lode har sidan 2021 hatt ei prosjektstilling i Time kommune som aktivitetskoordinator tilknytt institusjonar. Ho kjem nå til å fortsetta som aktivitetskoordinator i 60% stilling, kombinert med 40% stilling som ernæringsfysiolog.  

Les meir om helse og omsorg i Time kommune her.