Oppdatering 17. desember:
Vasstanden i Frøylandsvatnet og Roslandsånå/Mølledammen er framleis høg. Frå kvelden 16. desember til føremiddagen 17. desember gjekk han ned 5 cm, samtidig er det meldt mykje regn det neste døgnet. Det er etablert flomvegar ned mot fylkesveg 44, men me kan ikkje utelukka at det kjem vatn på Bryne torg.
Dei som bur i nærleiken av Frøylandsvatnet bør følga ekstra godt med dei neste dagane, og eventuelt gjera tiltak for å sikra god drenering.
Oppdatering 16. desember:
Vassstanden er på veg ned dei fleste stader, men det er framleis høg vassstand i Frøylandsvatnet og i Mølledammen/Roslandsånå. Me følger situasjonen nøye og vil setta inn tiltak om det vert behov for det.
Hald rister og sluk opne!
Mykje regn kan gi problem med drenering. Takk for at du:
- held sluk og rister på eigedomen og ute i gata di opne, og reinsar dei for lauv og anna rask.
- følger med på vêrmeldingane og flyttar på eigedelar som står utsett til.
- melder frå om oversvømte kommunale gater, vegar og turstiar her: Meld feil - Hovedportal