
Det er meldt regn til helga og veka som kjem, men det er foreløpig vanskeleg å veta om det kjem til å vera nok til at skogbrannfaren vert vesentleg nedjustert. Så kva anbefaler brannvesenet nå?
- Akkurat nå er det så tørt enkelte stadar at det skal veldig lite til før ein liten brann vert stor og vanskeleg å kontrollera. Brannen på Bømlo tysdag kveld viser dette. Nå er det òg meldt meir vind, som gjer at ein brann kan oppstå og spreia seg raskare.
- Anbefalinga frå brannvesenet er: Dropp grill og ild! Gå for matpakke og pølser på termos. Husk: Din eld – ditt ansvar!
- Skogbrannfareindeksen er akkurat nå veldig raud. Det betyr stor fare og at ein brann i naturen lett kan oppstå.
Det er altså ikkje snakk om noko totalforbud, men me oppfordrar innbyggarane til å vera ekstra forsiktig og aller helst unngå bruk av open eld.
Størst fare er det nå i ytre strøk av fylket. Brannvesenet i Rogaland er informert om at det er sett inn ekstra beredskap i form av skogbrannhelikopter. Dei neste dagane står det eitt helikopter i beredskap på Sola.
Les heile varselet her: https://www.varsom.no/vaervarsling/varsel/138384
Meir info finn du alltid på nettsidene til Rogaland brann og redning IKS: https://www.rogbr.no/grillogild