Sommarjobb i kommunen?

Time kommune treng som regel alltid sommarvikarar, og i år er det i Miljøtenesta at det er behov (me søkte òg etter folk til driftsavdelinga, men der har me allereie fått nok søkarar). Her fortel me kva kvalifikasjonar du må ha, og kor du kan søka.

Mann som køyrer grasklippar - i svart/kvitt og med raud tekst "FULLT" oppå - og jente i rullestol med kvinneleg assistent - Klikk for stort bilete

 

Sommarjobb i Miljøtenesta

I Miljøtenesta ønsker me oss engasjerte og nysgjerrige ferievikarer med på laget, til å gå nattevakter i Vardheia og det nyoppstarta Nubben bufellesskap på Bryne, og i dei to bufellesskapa Holmebakken og Foren på Kvernaland. Du vil ikkje gå aleine som nattevakt. Miljøtenesta gir tenester til bebuarar med ulike psykiske og/eller fysiske funksjonsnedsettingar.

Me ber om at du skriv kva for ein stad du helst ønsker å arbeida, og tidsrommet du kan jobba.

Kvalifikasjonar:

Først og framst at du er ein person med genuin interesse for å jobba med menneske med ulike hjelpebehov og diagnosar. Anten du er sjukepleiar, vernepleiar, student eller assistent, så treng me deg på laget. Erfaring frå arbeid innan helse og omsorg er ein fordel, men opplæring vert gitt dersom du ikkje har erfaring.

Det er ønskeleg at du har førerkort klasse B, og det er krav om godkjend politiattest. Dersom du har anna morsmål enn norsk må du dokumentera at norsknivået ditt er tilsvarande B2.

Du forpliktar deg til å arbeida i heile perioden du oppgjev.

Kontaktinformasjon:

Eli W. Goodwin, avdelingsleiar Nubben bufellesskap (Bryne):
Telefon 471 72 307

Emilie Øines, avdelingsleiar Vardheia (Bryne) og Holmebakken (Kvernaland) bufellesskap:
Telefon 454 22 870

Tordis Winstrup, avdelingsleiar Foren burettslag (Kvernaland):
Telefon 934 18 314

 

Sommarjobb i driftsavdelinga

Driftsavdelinga treng sesongarbeidarar frå mai til august/september. Me ønsker oss vikarar som har godt humør og pågangsmot, og som kan arbeida sjølvstendig. Arbeidsoppgåvene er først og framst å hjelpa til med drift og vedlikehald av kommunen sine parkar, hagar og grøntanlegg – det vil seia klipping av plenar og hekkar, kanttrimming og luking i bed.

Kvalifikasjonar:

Førarkort klasse B.

Kontaktinformasjon:

Driftsavdelinga har fått nok søkarar og er ikkje lenger på jakt etter sommarvikarar.