Sommarens fyrste vassprøver er klare

Som vanleg har me bestilt vassprøvar tekne på åtte forskjellige badeplassar i Time kommune, tre gonger i løpet av sommaren. Dei fyrste prøvane er nå analyserte.

Nærbilete av jente som svømmer i ferskvatn - Klikk for stort bilete

 

Dei aktuelle badeplassane er Eivindsholtjørn, nord- og sørenden av Frøylandsvatnet, Tjoratjørna, Melsvatnet, Tjålandsvatnet, Åsvatnet og Stemmen på Kvernaland. Sistnemnde er den einaste plassen som ikkje får resultatet “god kvalitet” på sommarens fyrste måling – i Stemmen er det litt meir bakteriar enn me helst skulle hatt, så akkurat nå er det “mindre god kvalitet” her.

Du kan lesa meir om målingane og korleis du sjølv kan vurdera vasskvaliteten før du badar, på denne sida:

Badeplassar - Hovedportal

Her finn du òg badetemperaturar, men dei vert naturleg nok fort utdaterte. Og med tanke på varmen me har hatt dei siste dagane er ikkje det noko me er leie oss for!