Solid driftsresultat for Time kommune i 2022 

Time kommune ligg an til eit solid netto driftsresultat for 2022 på 74,5 millionar kroner, noko som vil seia 4,2 % av driftsinntektene.  

Kommunen sine rekneskapstal for 2022 er i hovudsak klar. Dei synar at kommunen ligg an til eit høgt netto driftsresultat på heile 74,5 millionar kroner, eller 4,2 % av driftsinntektene. Til samanlikning fekk kommunen i 2021 også eit uventa høgt resultat på 108,5 millionar kroner, noko som tilsvarte 6,7 % av driftsinntektene.  

Kommunestyret i Time har vedteke at kommunen skal drivast med eit netto driftsresultat på 1,5 % av driftsinntektene. Årets resultat er derfor over dette måltalet. 

- 2022 var eit år der etterdønningane av korona framleis var merkbare med ekstraordinært høgt sjukefråvær første halvår. Invasjonen av Ukraina førte også til eit uvanleg år med høgt mottak av flyktningar og ein prisvekst heilt utanom det normale. Samtidig meiner eg me har klart å levera gode tenester som barnehage, skule og eldreomsorg. Det er alltid bra å kunne legge fram eit rekneskap i pluss og som er innanfor målsetninga som kommunestyret har satt, men det er innsatsen til alle dei tilsette i kommunen i eit krevjande år som er mest imponerande, seiar kommunedirektør Trygve Apeland. 

- Rekneskapen synar eit vesentleg meirforbruk i den kommunale tenesteproduksjonen på 34,5 millionar kroner. Årsresultatet er likevel bra, men det skuldast i hovudsak ekstraordinære skatteinntekter som ein ikkje kan rekna med i framtidige budsjett eller i inneverande år, seiar økonomisjef Aud Steinland.  

Kommunedirektøren vil tilrå at resultatet vert sett av på disposisjonsfond og brukt til eksempelvis uventa utgifter eller eigenfinansiering av framtidige investeringar. 

Time kommunestyret behandlar årsrekneskapen i møtet sitt 9. mai.