Søk om driftstilskot og leige av idrettshallar/gymsalar

1. mars går to søknadsfristar ut: Fristen for å søke om leige av kommunen sine idrettshallar og gymsalar, og fristen for å søke om driftstilskot til barne- og ungdomslag, samt instruktøropplæring innan idrettslag.

Idrettsungdom trenar i nye Bryne storhall - Klikk for stort bileteBryne storhall Are M. Heiseldal

Nå har me altså fått ein ny fantastisk storhall på Bryne. Viss du har sett på bileta frå opninga og tenkt at det såg freistande ut å trena der, så er det faktisk mogleg - for Bryne storhall er ein av dei mange idrettshallane og gymsalane i kommunen som lag og foreiningar kan søka om å leiga. Det gjeld:

  • Brynehallen
  • Timehallen
  • Lyehallen
  • Kvernhallen
  • Vardheihallen
  • Bryne storhall
  • Symjehallen v/ Bryne ungdomsskule
  • Sivdambassenget
  • Gymsalen ved Rosseland skule
  • Gymsalen ved Bryne skule
  • Gymsalen ved Bryne ungdomsskule
  • Gymsalen på Vestly

Søknadsfristen er 1. mars, og du kan søka via skjemaet under:

Søknad om leige av idrettshall/gymsal

Samme dato er det òg søknadsfrist for ei anna ordning, nemlig ordninga med driftstilskot til barne- og ungdomslag. Idrettslag som ønsker støtte for instruktøropplæring, kan òg søka via det same skjemaet, som du finn under:

Søknad om driftstilskot og instruktøropplæring