Sjå vasskvaliteten på badeplassane våre på nettsidene

Som vanleg har me bestilt vassprøvar tekne på åtte forskjellige badeplassar i Time kommune, tre gonger i løpet av sommaren. Du kan finna resultata på nettsidene våre.

Nærbilete av jente som svømmer i ferskvatn - Klikk for stort bilete

 

Dei aktuelle badeplassane er Eivindsholtjørn, nord- og sørenden av Frøylandsvatnet, Tjoratjørna, Melsvatnet, Tjålandsvatnet, Åsvatnet og Stemmen på Kvernaland. Målingane gjerast i veke 26, 30 og 34, og resultata publiserast på denne sida fortløpande:

Badeplassar - Hovedportal

Her kan du òg lesa meir om målingane og korleis du sjølv kan vurdera vasskvaliteten før du badar. Du finn dessutan badetemperaturar her, men dei vert naturleg nok fort utdaterte.