Redusert meirverdiavgift på kommunale gebyr

Frå 1. juli 2025 vart kommunale gebyr for vatn, avløp og slam litt billigare, sidan meirverdiavgifta reduserast frå 25 til 15 prosent.

Vannkran med rennende vann fossende ut - Klikk for stort bilete Are M. Heiseldal

 

Stortinget har vedteke at meirverdiavgifta for vatn og avløp skal reduserast frå 25% til 15%. Dette vart vedteke i samband med behandlinga av statsbudsjettet for 2025. 

Endringa tredde i kraft 1. juli 2025 og har som mål å redusera kostnadane til hushalda.

Kva betyr endringa for fakturaen din?

Sidan me sender ut faktura to gonger i året vert fakturaen for 2. termin 2025 den fyrste fakturaen med 15% mva på vass- og avløpsgebyret.

Endringa gjeld òg for gebyr i samband med tømming av septiktankar, tette tankar og minirenseanlegg, men ikkje for renovasjons- og feieavgifter.

Oppdaterte avgifter finn du her