Rådmannen sitt forslag til budsjett for 2021 og økonomiplan for 2021-2024

Klikk for stort bilete May Vårli Ree   I budsjettforslaget for 2021 foreslår rådmannen at kommunen skal fortsetta satsinga på folkehelse, tidleg innsats og digitalisering. Samtidig er det økonomiske handlingsrommet til kommunen stramt, og rådmannen foreslår derfor tiltak for å redusera utgiftene og auka inntektene.

   

 

Rådmann Trygve Apeland legg i dag fram sitt forslag til budsjett for 2021 og økonomiplan for 2021-2024. Kommuneøkonomien er i år prega av stor usikkerheit på grunn av den pågåande pandemien. Det er forventa at denne også vil påverka kommunen inn i 2021 og få konsekvensar for både kostnadene og inntektene. Usikkerheita maner til forsiktigheit, investeringsnivået i denne økonomiplanen er redusert, og det vert gjort tiltak for å redusera kostnadar. Rådmannen har likevel funne handlingsrom til fleire viktige satsingsområde det komande året:

- Time kommune skal vera ein attraktiv kommune å busetta seg i, og eit samfunn som er godt å leva i. Folkehelsearbeid er førande for arbeidet med økonomiplanen. Det handlar om å legga til rette for ei berekraftig samfunnsutvikling som både motverkar sosial ulikskap og som fremmar god helse i befolkninga, seier rådmann Trygve Apeland.

I 2021 skal kommunen mellom anna starta bygging av idrettshall på Bryne, utbetra leikeplassar og ballbingar, og bygga fleire barne- og omsorgsbustadar. I løpet av året skal Vardheia ungdomsskule, Vardheihallen og turnhall ferdigstillast og tas i bruk, heimetenesta og dagsenter for personar med demens vil bli styrka, og overvasskapasiteten på Bryne vert utvida. Blant satsingsområda er òg arbeid med førebygging og tidleg innsats i barnehage og skule, og det vil vera ei rekke prosjekt knytt til dette i 2021. Eit eksempel på dette er etablering av ungdomsteam. Teamet skal vera eit lågtersketilbod for ungdommar med utfordringar knytt til rus, kriminalitet og høgt skulefråvær.

Omprioritering og effektivisering
Rådmannen vil i økonomiplanperioden arbeida for å gjera kommunen meir brukarorientert og effektiv, og sikra ei utvikling som nyttar potensialet i ny organisering og ny teknologi. Det handlar mellom anna om å styrka digitalisering- og innovasjonsarbeidet i kommunen.

- Me skal levera best mogleg tenester til lågast mogleg pris. Me er ein av dei kommune i landet som brukar minst  pengar på administrasjon. Det er viktig at me driv kommunen på ein effektiv måte, og heile tida ser på korleis me kan forbetra oss, seier Apeland.

I følgje kommunebarometeret er Time ein av om lag 20 kommunar i landet som brukar minst pengar på administrasjon, og i 2021 vil administrasjonen vera redusert med ytterlegare 0,5 årsverk og ha færre leiarstillingar. Rådmannen foreslår også å redusera antall barnehageplassar i takt med etterspurnaden. Det er stor nedgang i barn i aldersgruppa 0-5 år, noko som medfører overkapasitet i antall barnehageplassar.

Hognestad skule er foreslått nedlagt i skulebruksplanen som for tida er under politisk behandling, og kommunestyret har vedtatt at Time skal gå i forhandlingar med Sandnes om å samla legevakta der. Begge desse sakene er derfor lagt inn i rådmannen sitt forslag til budsjett og økonomiplan.

Eigedomsskatt      
Kommunen har vedtatt økonomiske måltal for ei berekraftig utvikling. Dei økonomiske måla vert ikkje nådde i nokon av åra i den framlagte økonomiplanen. Rådmannen føreslår derfor i denne økonomiplanen å greia ut innføring av ein avgrensa eigedomsskatt som berre vil gjelda kraftanlegg, vindkraftverk og kraftnettet i kommunen.

Kommunestyret skal behandla økonomiplanen 15. desember.

Her kan du lesa heile økonomiplanen  (PDF, 3 MB)