Rådmannen sitt forslag til budsjett for 2020 og økonomiplan for 2020-2023

Klikk for stort bileteTimeplan er namnet på økonomiplanen i Time kommune. I budsjettforslaget for 2020 foreslår rådmannen at me skal fortsetta satsinga på folkehelse, tidleg førebygging og lærlingar. Samtidig er det økonomiske handlingsrommet til kommunen stramt, og rådmannen foreslår derfor tiltak for å redusera utgiftene og auka inntektene.

Økonomien til Time kommune er vorte stramare dei siste åra. Dette skyldast mellom anna reduserte skatteinntekter etter oljenedturen i regionen. Folkeveksten har nesten stoppa opp, og fødselstala er låge. Sjølv om me må gjera ein del grep for å redusera kostnadar, har rådmannen funne handlingsrom til fleire viktige satsingsområde det komande året. Folkehelse vil ha ein sentral plass i arbeidet i alle tenesteområda, og me vil fortsetta å ta inn mange lærlingar:

- Me får til veldig mykje bra med det budsjettet me har. Bemanninga i skule og barnehage vert auka, og me bygger både skule og idrettsanlegg i Vardheia. Viktige satsingar innan folkehelse og tidleg førebygging vert vidareutvikla, og me skal fortsetta med å gje mange lærlingar sjansen hos oss. I tillegg skal me styrka både heimetenesta og miljøtenesta vår, seier rådmann Trygve Apeland.

I forslag til økonomiplan er det også lagt inn andre investeringar som ny symjehall, utbetring av leikeplassar og ballbingar, og utviding av overvasskapasitet på Bryne.

Samtidig er den økonomiske situasjonen vår slik at nivået på tenestetilbodet ikkje kan haldast på same nivå som i dag.

- Den økonomiske situasjonen vår er ikkje slik me skulle ønska. Me er derfor nøydde til å gjera ein del grep for å effektivisera drifta og redusera kostnadane våre. Det er aldri kjekt å kutta i tenestetilbodet, men me har eigentlig ikkje noko val slik situasjon er nå, seier rådmannen.

Barnehage og skule

Me har overkapasitet i skule og barnehage, og ein del av tiltaka som vert foreslegne er innanfor tenesteområde Oppvekst. Rådmannen foreslår mellom anna å flytta ungdomstrinnet på Undheim skule til Lye ungdomsskule, og å legga ned Lyefjell barnehage og Brynelunden opne barnehage.

- Det er ingen som synes det er kjekt å legga ned barnehagar. Samtidig er me nå i ein situasjon der me har fleire barnehageplassar enn me treng, og då må me gjera nokre grep. Idrettsbarnehagen på Vestly har god kapasitet, og kan ta imot avdelingane som i dag er i Lyefjell barnehage, seier Apeland.

Rådmannen foreslo også tidlegare i år å legga ned Brynelunden opne barnehage. Han har forståing for at det vil koma reaksjonar på at dette vert foreslått igjen.

- Eg veit at det er mange som set stor pris på den opne barnehagen, og som vil reagera på dette forslaget. Den økonomiske situasjonen vår er dessverre slik at me er nøydde til å prioritera lovpålagte oppgåver, og då er open barnehage eit av dei gode tiltaka som me ikkje kan prioritera lengre.

Flytting av ungdomstrinnet på Undheim skule til Lye skule vil redusera utgiftene til kommunen med over ein million kroner i året, men det er ikkje berre økonomiske årsaker til denne flyttinga.

- Me vurderer at det vil gje eit betre skuletilbod dersom ungdomsskuleelevane på Undheim går på Lye ungdomsskule. Dei vil då verta del av eit større ungdomsmiljø, og me trur dette vil gagna ungdommane på både Lye og Undheim, seier han.

Eigedomsskatt

Rådmannen vurderer at kommunen ikkje kan oppretthalda nåverande drifts- og investeringsnivå dei neste åra med dei inntektene kommunen har. Han foreslår derfor at kommunen greier ut om eigedomsskatt i 2020 og innfører dette frå 2021.

- Slik eg ser det har me to val for åra som kjem: Me må enten gjera ytterlegare kutt i drift og investeringar, eller så må me gjera grep for å auka inntektene våre. Eg foreslår derfor at me skal utreda eigedomsskatt slik at me kan ha det som alternativ til ytterlegare reduksjon i både drift og investeringar. Det kan for eksempel verta vanskeleg å realisera ny symjehall utan å innføra eigedomsskatt, seier Apeland.

Kommunestyret skal behandla økonomiplanen 17. desember.