Opning av Bryne storhall

Storstova på Jæren har vore eit omgrep heilt frå kulturhuset i Bryne sentrum opna for 60 år sidan i år. Men no får òg idretten på Jæren ei skikkeleg storstove! 

Dronebilde av Bryne storhall - Klikk for stort bilete

 

– Me er utruleg stolte over å kunne ønska velkommen til Bryne storhall. Det har blitt eit praktanlegg som gjer at idretten kan voksa til nye høgder i kommunen vår, og god planlegging undervegs i prosessen har ført til val av løysingar som gjer at hallen kan brukast til fleire formål, seier ordførar Andreas Vollsund i Time kommune. 

Fredag 9. februar var det offisiell opning av den nye hallen til 185 millionar kroner, litt over to år etter at ordføraren sjølv tok det første symbolske spadestikket, og 459 dagar etter at totalentreprenør Skanska Norge tok fatt på sjølve byggeprosessen. 

Ordførar Andreas Vollsund klipper silkesnora og erklærer nye Bryne storhall for opna. Leiar i Time idrettsråd Gunn Djønne Berland og fylkesordførar Ole Ueland held snora. - Klikk for stort bileteOrdførar Andreas Vollsund klipper silkesnora og erklærer nye Bryne storhall for opna. Leiar i Time idrettsråd Gunn Djønne Berland og fylkesordførar Ole Ueland held snora. Are M. Heiseldal

Bryne storhall er teikna av Asplan Viak og rommar to handballbanar som er lagt etter kvarandre i lengderetninga, men som òg kan slåast saman til ein såkalla «center court» midt på. Med dei framtidig planlagde teleskoptribunane på plass vil då tilskodarkapasiteten aukast frå 600 menneske langs den eine langsida til 1500 tilskodarar totalt på kamp eller oppvising. 

Hallen kan òg delast inn i maksimalt seks speleflater ved hjelp av nedsenkbare skiljeveggar, og kvar speleflate har sitt eige sett med garderobar. Bruksarealet til hallen er på heile 5000 kvadratmeter. 

Løft for idretten og Bryne VGS

Oppsettet med to banar på langs betyr at bygget har vorte om lag 90 meter langt, men for at det ikkje skal vere til unødig sjenanse for naboane er speleflatene senka ein heil etasje ned i bakken. Dermed ruvar hallen langt mindre i terrenget, og taket blir dessutan etter kvart grønt og fint ettersom det er dekka med sedum, ein type torv. Hallen har innvendig takhøgde på heile ni meter, og det betyr at han kan brukast til toppseriespel i fleire idrettar – ikkje berre handball. 

– Hallen vil sjølvsagt gje handballen eit stort løft, men han vil òg vere viktig for heile idretten. Eg håpar at greiner som til dømes volleyball, basketball, innebandy og badminton vil veksa no som me har fått langt betre fasilitetar for dei her på Bryne. I tillegg ser eg hallen som eit sosialt samlingspunkt for idrettsungdom frå heile kommunen, seier leiar i Time idrettsråd Gunn Djønne Berland. 

Den største brukaren av hallen vert Bryne vidaregåande skule, som leiger seg inn på dagtid og «tjuvstarta» i nye lokalar så tidleg som midt i januar.  

– Me er veldig glade for det gode samarbeidet mellom Time kommune og Rogaland fylkeskommune i denne saka. Resultatet har blitt ein utruleg flott hall som utan tvil vil bidra til eit stort løft for elevane ved Bryne vidaregåande skule, seier fylkesordførar Ole Ueland.  

Innan idretten vil Bryne Håndball gjera storhallen til sin heimebane, og debuterte der allereie første helga etter opninga med kampar på øvste nivå, i den nasjonale Bring-serien for 16-årslag. Men det nye praktbygget er bygd med endå fleire bruksområde i tankane. 

Konsertar og messer

Det vil til dømes kunne byggast scene langs den eine langsida på golvet i hallen, og med eigne inngangar – og god naudutgangskapasitet – på begge kortsidene vil lokalet kunne romma om lag 2200 menneske ved konsertar og liknande arrangement. 

Det er jo idretten som kjem først i køen til ein ny idrettshall, men me ser med stor begeistring at hallen òg opnar nye moglegheiter når det gjeld å arrangera større messer og konsertar. Det gir oss ein heilt ny arena for framtida, seier Kenneth Lia, leiar i Bryne Næringsforening. 

Offisiell opning

Bryne storhall opna offisielt fredag 9. februar klokka 13.00, med mellom andre ordførar Andreas Vollsund, fylkesordførar Ole Ueland og sjefen for Håndballjentene, Thórir Hergeirsson, til stades. I forkant av opninga var elevar frå Bryne vidaregåande skule i aksjon i hallen, og resten av helga kunne publikum sjå Bryne Håndballs 16-årslag for både jenter og gutar i aksjon i Bring-serien, jentene på laurdag og gutane, med fire strake sigrar så langt, på søndag.