Ny ordning for handtering av plastavfall

plastavfall - Klikk for stort biletePlasten skal vera spylt før den vert kasta.

Frå fredag 17. februar kan innbyggarar levera plastavfall på fire ulike returpunkt i Time. Ordninga er mellombels fram til sorteringsanlegget til IVAR igjen kan sortera ut plast frå restavfallet automatisk.  

Returpunkt for plastemballasje frå hushaldningar vert etablert på følgande lokasjonar i Time kommune: 

  • Ved Coop Extra på Lye (Prestegardsmarka 2, 4347 Lyefjell) 
  • Ved Samfunnshuset Kvernaland SA (Gamle Åslandsvegen 7, 4355 Kvernaland) 
  • Ved Coop Prix Undheim (Kjelvevegen 1, 4342 Undheim) 
  • Ved Kiwi Bryne Torg (Jernbanegata 13, 4340 Bryne) 

Det vil også koma enda eit returpunkt på Bryne, og det vil verta mogleg å nytta enkelte nedgravde anlegg til plastavfall. Me vil koma tilbake med meir når desse punkta er avklart. 

Innbyggarar som ønsker å bidra til at plastavfallet deira går til gjenvinning, kan levera plasten til innsamlings-konteineranedesse returpunkta. Merk at det berre er plastemballasje frå hushaldingar som skal i desse, ikkje anna avfall. 

I tillegg er det mogleg å levera plast til gjenvinningsstasjonane på Sele og Forus. Ordninga er gratis.

Bidra til gjennvinning 

Bakgrunnen for plastinnsamlinga er nye krav til at kommunane skal legga tilrette for kjeldesortering av plast. Kravet kan løysast med sorteringsanlegg, men grunna brannen på ettersorteringsanlegget til IVAR på Forus i juli 2022 må abonnentane sortera ut plasten sjølv fram til anlegget er i orden igjen. Det er førebels uvisst kor lang tid dette vil ta. 

Ved å levera plasten din til returpunkta, sørger du at plastavfallet ditt går til gjenvinning og får ny nytte, i staden for til forbrenning. 

Dersom du ikkje har anledning til å sortera plasten din, kan du kasta den i restavfallet ditt. 

Les meir om plastsortering på sortere.no