Ny læringsportal for tilsette i barnehagane på Jæren

Storstilt lansering av interkommunalt fagsamarbeid i Jærkommunane

1200 tilsette frå barnehagar i Time, Gjesdal, Klepp og Hå var torsdag kveld samla i Jæren sparebank arena på Varhaug. Dei blei møtt av fornøyde barnehagesjefar, raud løpar og fanfare på veg inn til lansering av den nye nettportalen “deiyngste.no”.  Portalen er utvikla med utgangspunkt i dei tilsette sitt behov for kompetanse i arbeid med dei yngste barna i barnehagane.  Nettportalen skal gjera det enklare for dei tilsette å finna informasjon og verktøy til ulike tema.

Dei som bidrog på scenen Siri Kverneland

Det er mange lokale krefter som har bidroge til utvikling av portalen som har våre eit samarbeidsprosjekt i Jærkommunane.  Statped og Dronnning Mauds Minne har òg våre samarbeidspartnarar.

Det var fleire bidragsytarar på scenen under lanseringa som vart leia av Ragnhild Herigstad Aase og Irene Paulsen Salte.  Frå Time kommune bidrog Anita Benedikte Sigmundstad og Ragnhild Kverneland Ueland med faglege smakebitar frå læringsportalen.  

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete